Logo
/Aktuelt/Nyhetsarkiv
Om lag 5000 kubikkmeter masse blir fylt på moloane kvar dag.
(Alle fotos: AF Decom)
Om lag 5000 kubikkmeter masse blir fylt på moloane kvar dag. (Alle fotos: AF Decom)
Ein av splittlekterane som fraktar steinmasse til moloen. I bakgrunnen til venstre ligg "Murmansk".
Ein av splittlekterane som fraktar steinmasse til moloen. I bakgrunnen til venstre ligg "Murmansk".
Planteikning for moloane.
Planteikning for moloane.
"Murmansk"-fjerning i rute
Fjerninga av "Murmansk"-vraket på kysten av Finnmark går etter planen. No byrjar moloane å ta form, og i løpet av våren 2010 vil fjerninga av sjølve vraket bli sett i gong.
Av: olav.helge.matvik@kystverket.no
16.10.2009 

Fjerninga av vraket skal foregå ved at det vert skapt ein tilnærma tørrdokk ved hjelp av moloar.

– Molobygginga går i samsvar med planane. Det er til no lagt ut om lag 90 000 kubikkmeter med stein, av nærare 150 000 kubikk når moloane står ferdige. Prosjektet har betydelege vêrmessige utfordringar, men om ein ikkje råkar på andre problem vil moloarbeidet vere ferdigstilt rundt månadsskiftet november/desember. Ein legg vekt på at uttaket av steinane skal foregå på ein slik måte at dei synlege spora i naturen vert avgrensa. Sjølve tørrdokken byrjar ein på i februar, og til våren byrjar hogginga og fjerninga av sjølve vraket, fortel Hans Petter Laahne Mortensholm, som er leiar for vrakseksjonen i Kystverket.

Både vraket og dei opparbeidde anlegga skal fjernast og området settast tilbake tilbake til sin opprinnelege stand når prosjektet er fullført.

Det er det norske selskapet AF Gruppen Norge AS, ved avdelinga AF Decom, som er entreprenør for fjerninga av "Murmansk". Den russiske kryssaren sleit seg under eit slep frå Murmansk hamn til opphogging i India. Den sakk då delvis utanfor Sørvær på Sørøya i Finnmark. Dette skjedde 24. desember 1994.


Vêret byr på litt utfordringar for prosjektet:

SØK
INNLOGGING KYV arkiv

Kystverkets handlingsprogram 2010-2019 Kystverkets årsplan for 2010