Publisert: , Oppdatert:
- Bjørnar Kleppe

AIS-satellittar

Kystverket er den einaste norske statlege etaten med eigne satellittar. Noregs første nasjonale overvakingssatellitt for skipstrafikk, AISSat-1, blei skutt opp frå India i 2010, i eit samarbeidsprosjekt mellom Kystverket, Norsk Romsenter, Forsvarets forskingsinstitutt og Kongsberg Seatex. 

I juli 2014 ble enda ein satellitt, AISSat-2, skutt opp frå Kasakhstan for å sikre kontinuerlig overvaking og trygging av skipstrafikken i norsk farvatn, og styrke stabiliteten i distribusjonen av satellittbasert AIS data og informasjon til offentlige myndigheiter. Ein tredje og fjerde satellitt, Norsat-1 og Norsat-2, vart skutt opp på sommaren i 2017. 

Kystverket er mottakar av data frå satellittane og ansvarleg for å distribuere denne informasjonen vidare til andre norske offentlege myndigheiter. Hovudredningssentralane, Kystvakta og Fiskeridirektoratet er nokon av dei aktive brukarane av satellittbasert AIS data.

Satellittbasert AIS er eit viktig overvakingsverkty i den nasjonale beredskapen langs kysten. Ved hjelp av AISSat-1 og AISSat-2 får sjøtrafikksentralen i Vardø – som har ansvar for å ha oppsyn med skipstrafikken i dei norske havområda – og hovudredningssentralane, AIS-signala frå skip i havområda direkte inn i sine overvakingssystem.

Satellittbasert AIS-informasjon gjer det lettare og raskare for sjøtrafikksentralen og hovudredningssentralane å ha oversikt med skipstrafikken, finne posisjonen til skip som er i naud eller treng assistanse og finne farty i nærleiken som kan assistera.

Ved å kombinere informasjon frå andre datakjelder, kan satellitten nyttast til ein rekke formål, mellom anna identifisere farty som er ansvarlege for oljeutslipp i havområda, fiskerioppsyn, miljøkriminalitet (oljesøl), kartlegging av trafikk i Arktis, anti-pirat operasjonar utanfor Afrikas kyst og oppsyn med skipsaktivitet i farvatn der Noreg har interesser.

AIS-satellittane er nanosatellittar som måler 20 x 20 x 20 cm og veier seks kilo.Satellittane går i polarbane i ca. 600 kilometers høgde. Dei har lang rekkevidde og observerar over store havområde. Kystverket lastar ned data frå AIS satellitt via Svalbard eller Vardø kvart 90. minutt.

Siste nytt