Kystverket etablerte i februar 2005 eit landbasert nettverk av AIS basestasjonar i Noreg. AIS- nettverket består av 44 landbaserte basestasjoner.
Dekningsområdet til ein AIS basestasjon er avgrensa til VHF- rekkevidde. Kystverket sitt AIS- nettverk dekker, med enkelte unntak, området frå grunnlinja og 40-60 nautiske mil ut frå kysten. AIS- nettverket mottar alle AIS- meldingar sendt frå farty liggjande innanfor dette dekningsområdet. AIS- meldingane blir samla av nettverket og gjort tilgjengelig for ulike brukarar. Nettverket inneheld også databasar for lagring av AIS- data i fleire år.
AIS er eit viktig hjelpemiddel både for navigatørane på farty og for dei maritime trafikksentralane som overvaker og trafikkregulerar trafikken.
Ein AIS transponderar ombord på eit skip skal automatisk og med nødvendig nøyaktigheit og oppdateringsrate, forsyne andre skip og kyststatars myndigheiter med informasjon frå skipet.
Slik informasjon er:
- dynamisk (posisjon, kurs, fart)
- statisk (identitet, skipstype, dimensjonar)
- detaljer om seglinga (destinasjon, antatt framkomsttid, last, djupgåande)
Informasjonen pakkes i standardiserte meldingar og sendes ut ved bruk av internasjonalt avsette kanalar i det maritime VHF bandet. Statisk og seglingsrelatert informasjon sendes kvart 6. minutt eller ved endring av data. Dynamisk informasjon sendes med frå 3 minuttar til 2 sekunders oppdateringsrate, avhengig av fartyet sin fart og kursendring.
Rekkevidda til AIS er avgrensa av VHF rekkevidde, som først og fremst bestemmes av antennehøgda. Typisk rekkevidde frå et farty på sjøen er 20 nautiske mil.
AIS-informasjon blir også gjort tilgjengelig for andre statlege verksemder med ansvar og myndigheit knyta til hamner og skipstrafikken i norske farvatn.
AIS i kombinasjon med andre system
AIS bidrar med dynamisk skipsinformasjon (posisjon, kurs, fart) med høy oppdateringsrate og nøyaktigheit. Den statiske (identitet, skipstype, dimensjoner) og seglingsrelatert (destinasjon, ETA, last, djupgåande) informasjonen frå AIS er meir avgrensa i omfang og kan i mange tilfeller vere mangelfull. Ved å kombinere AIS-data med andre maritime informasjonssystem kan kvaliteten på statisk og seglingsrelatert informasjon om eit skip bli betydelig forbetra.
Ein kombinasjon med data frå rapporteringssystemet SafeSeaNet Norway (SSNN) kan gi informasjon om fartyets destinasjon og estimert innkomsttid samt om fartyet går med farlig eller forureinande last. Dette er viktig informasjon for blant anna Kystverkets maritime sjøtrafikksentralar og oljevernberedskap. I tillegg gir SSN informasjon om tal på personar ombord, som er viktig informasjon ved søk og redningsaksjonar.
Ein kombinasjon av data frå skipsregistra gjennom SSN vil gi meir eksakt informasjon om sjølve fartyet enn ein vil kunne få frå AIS. Slik informasjon er for eksempel tonnasje, alder, klasse, eigarskap, maskineri, utstyr, lastekapasitet og dimensjonar. Enkelte inneheld også fotografi av det aktuelle fartyet.
Bruk av historiske AIS data
Kystverket vil nytta historiske AIS-data til å utarbeide statistikk over sjøtrafikken langs kysten. Ved utarbeiding av AIS statistikk vil AIS-data kombinerast med data frå andre maritime informasjonssystem. Ved bruk av AIS statistikk kan sikkerheitstiltak som oppmerking, seglingsregler eller ekstra overvaking planleggast på betre grunnlag enn tidligare. Den kunnskap som historiske AIS-data gir om skipstrafikken vil gi Kystverket mogelegheit til betre planlegging og tilrettelegging for rask, sikker og effektiv sjøtransport.
Historiske AIS-data nyttas til å kontrollere legitimiteten til farty og deira bruk av kysten, og gjeld blant anna kontroll av losplikt og farledsbevisreglane og oppfølging av meldingsregimet. Historiske AIS-data er også eit godt hjelpemiddel til å rekonstruera og dokumentera trafikkbildet i etterkant av ulykker til sjøs.