2010

"LOS 120" døypt i Kristiansund

Publisert: 12.05.2010

Tirsdag 11. mai blei det siste tilskotet i losbåtflåten til Kystverket, "LOS 120", døypt i Kristiansund.

Losoldermann Emil Heggelund får flaska som gudmor Gro Hodder skal bruke til å døype "LOS 120" med. Alle foto: Geir TøvikGro Hodder frå Kystverket Midt-Norge fekk æra av å vere gudmor for "LOS 120" då den blei døypt ved piren i Kristiansund.

"LOS 120" blir fast stasjonert ved losstasjonen i nordmørsbyen. Den erstattar "LOS 102", som skal omplasserast til Finnmark.

Losfartyet er det tredje i denne serien som blir bygd ved Dockstavarvet AB i Sverige. Dei to foregåande, "LOS 116" og "LOS 118" er stasjonert på Fedje og i Ålesund.

Dei nye losfartya er konstruert for å halde vekt, drivstofforbruk og avgassutslepp så lavt som mogleg. Det er også fokusert på å skape eit moderne og godt arbeidsmiljø for dei som skal ha sitt daglege verke om bord.

– Vi har hatt fartyet her nokre veker allereie. Det er ein kjempebra båt med gode sjøeigenskapar. Alle losbåtførarane er veldig godt nøgde med fartyet, seier losbåtførarformann Geir Tøvik.