Publisert: , Oppdatert:

10 millionar til opprydding etter uvêr

I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å løyve 10 millionar kroner for å utbetre skader på navigasjonsinnretningar etter to kraftige uvêr sist vinter.

– To kraftige uvêr i vinter, ”Nina” og ”Ole”, gjorde stor skade på navigasjonsinnretningar på Vestlandet, i Nordland og i Finnmark. Regjeringa føreslår difor å løyve 10 millionar kroner for å utbetre skadane, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Mellom anna tok uvêra med seg sjømerke, det blei brot på sjøkablar og andre alvorlege skadar på installasjonar. Forslaget er også viktig for å oppretthalde tempoet i arbeidet med å ta att vedlikehaldsetterslepet på infrastruktur til sjøs.

Siste nytt