Publisert: , Oppdatert:
- Anne Grethe Nilsen

Utdjupar Færøyfluene ved Askøy

Kystverket har starta opp med utsprenging og oppgraving av masse i hovudleia ved Færøyfluene i Askøy kommune. Arbeidet skal sluttførast innan 1. september.

Færøyfluene som i dag har ei djupne på 8,8 og 3,8 meter skal utdjupast ned til 14 meters djupne. Totalt skal det fjernast om lag 27 000 kubikk masse frå eit om lag 8 dekar stort sjøområde. Arbeidet skal utførast av Sjøentreprenøren AS på oppdrag frå Kystverket.

Utdjupinga skal gjere sjøvegen inn til Bergen djupare, rettare og sikrare for skipsfarten. Tiltaket vil redusera risikoen for skipsulukker i eit område med mykje trafikk.

Noko støy frå anleggsarbeidet

I løpet av anleggsperioden vert det gjennomført om lag fire sprengingar. Sprenginga vert utført med varsemd.

Arbeidet vil medføre noko støy som følgje av sprenging, undervassboring og forflytting av massar. Massane skal dumpast i sjøen om lag 300 meter aust for Færøyfluene.

Sjølve arbeidet går føre seg måndag til laurdag i tida mellom klokka 07.00 og 19.00. Det vert ikkje utført arbeid på helgedagar.

Førebyggjande tiltak

For å sikre trygg ferdsel under anleggsperioden har Kystverket satt i verk ei rekke førebyggjande tiltak. Anleggsområdet er mellombels merka med fysisk sjømerking og samstundes avmerka i elektroniske sjøkart (ECDIS). Tiltaket er i tillegg kunngjort i Etterretning for sjøfarende (EFS).

Sprenging blir varsla med sirene i forkant. Entreprenøren nyttar vaktbåt før varsling og sprenging.

Informasjon til sjøfarande

Sjøtrafikksentralen på Fedje informerer og regulerer kommersiell skipstrafikk for å ivareta god sjøtryggleik og effektiv framkomme for skipsfarten til og frå Bergen.

Fartøya  må følgje reglane om lytteplikt på VHF-kanal 16 og bruke VHF-arbeidskanal 71 for informasjon frå, og kommunikasjon med Fedje sjøtrafikksentral.

Sjøfarande må navigera med varsemd og retta seg etter signal frå utdjupingseininga som lyttar/ sender på VHF kanal 16. Utdjupingseininga er utstyrt med AIS (automatisk identifikasjonssystem).

Farleia vil bli stengd i korte periodar under sprenging. Fedje VTS vil gje informasjon til skipstrafikken.

Kystverket ber om at fartøy held sakte fart ved passering av anleggsstaden for å unngå ulemper frå bølgjeslag.

Kontaktperson

Senioringeniør Rita Svendsbøe, mobil 900 98 170.

Siste nytt