Publisert: , Oppdatert:
- Marianne Henriksen

Kystverket sine beredskapsressursar og tiltak sikra miljøet

22. februar var eit fartøy nær grunnstøyting på Jæren. Risikoen var stor for alvorleg forureining av sårbare naturområde.

Bildet tatt fra "Tide Carrier" viser hvor nær havaristen var sårbare naturområder. Foto: Kystverket/Rolf Magne Fausken

Fartøyet «Tide Carrier» hadde fått motorproblem og dreiv mot strendene innanfor Feistein fyr. Det blei informert om at Tide Carrier hadde ca. 600 m3 tungolje og ca. 310 m3 diesel om bord, dermed var forureiningspotensialet omfattande.

– Alle trakk i same retningJohan Marius Ly, beredskapsdirektør i Kystverket

Været var dårleg, og blei verre utover kvelden. Frå Kystverket vart både beredskapsvaktlag, Kvitsøy VTS, lostenesta, reiarlaget, region Vest og Vardø VTS involverte i handteringa av hendinga.

– Denne hendinga har vist korleis Kystverkets samla ressursar trekkjer saman når det blir krevd, seier beredskapsdirektør Johan Marius Ly (bilete til høgre), som onsdag like etter klokka 16 erklærte statleg aksjon .

Det inneber at staten, ved Kystverket, overtek handteringa av hendinga på vegner av den ansvarlege forureinaren.

Dette kan gjerast i tilfelle der ein ikkje kan vente med å gjere tiltak, eller den som er ansvarleg for den akutte forureininga, eller faren for slik, ikkje gjer tiltak sjølv.

–  Dette er fyrste gong vi har erklært og gjennomført ein statleg aksjon før det har kome til store utslepp. Vi var førebudde, samla ressursane og handla i tide, seier Ly.

Her kan du lese om tidlegare statlege aksjonar!

Var førebudd på omfattande utslepp

Den viktigaste målsetjinga for Kystverket i oppfølginga av hendinga var å unngå at situasjonen forverra seg, og samtidig bidra til at havaristen kunne slepast bort frå den utsette posisjonen mellom Feistein og Hellestøstranda på Jæren.

– Hovudfokuset vårt var å sikre havaristen slik at den ikkje dreiv på land og grunnstøytte, men kunne bergast på ein trygg måte og bli slept bort frå ankringsposisjonen, forklarer beredskapsdirektøren.

Sjå fleire bilete og last ned frå Flickr her.

Hovudredningssentralen leia operasjonane i byrjinga, sidan det fyrst er fokus på liv og helse. Parallelt med dette mobiliserte Kystverkets beredskapsvaktlag og Kvitsøy Trafikksentral ressursar for å sikre havaristen.

– Vi var førebudde på ei mogeleg negativ utvikling med ei grunnstøyting med følgjande utslepp av olje. Det blei utført drivbaneberekningar ut i frå posisjon, havstraumar og mengd olje om bord på «Tide Carrier», forklarer Ly.

Los sikra dialog og vurderingar

Havaristen låg med begge ankre ute. I løpet av onsdag kveld fekk to slepefartøy kopla slep på «Tide Carrier». Det blei også sett to loser om bord på havaristen. I dialog med losane blei det vurdert at havaristen låg relativt trygt gjennom natta, og at slepet burde starte på morgonen torsdag.

–  Det å ha eigne representantar om bord under slike hendingar er veldig nyttig for å sikre god informasjon og gode vurderingar i dialog med aksjonsleiinga, seier Ly.

Kystverket si vidare oppfølging vert no teke vare på som ordinært gjennom beredskapsvaktlaget. Den statlege aksjonen blei avslutta kl. 0900 23. februar. Etterarbeid i tida framover vil vere demobilisering av ressursar, gjennomgang og evaluering av hendinga samt utarbeiding av krav for dekning av kostnadene.

– Det har vore godt å sjå at beredskapen vår og samla kapasitetar jobbar så godt saman, seier Ly, og sender ein takk til alle involverte etter aksjonen.

NRK's nyhetsinnslag torsdag kveld

Fakta

Kystverket sine ressursar ved aksjon «Tide Carrier»

Det har vore omfattande ressursar i beredskap; KV Bergen, KV Sortland og KV Tor blei stilt til disposisjon frå Kystvakten, IUA Sør Rogaland blei varsla og ikkje minst har Kystverket sjølv hatt ein omfattande innsats for å førebu ein oljevernaksjon; OV Utvær, oljeverndepot i Stavanger og Kristiansand, overvakingsfly og innsatsmannskap, i tillegg til ressursar frå lostenesta og sjøtrafikksentralane.

Tide Carrier:

Lasteskip frå 1989, 262m langt, 32m breitt, 12,6 djupt.

I følgje Sjøfartsdirektoratets informasjon er Tide Carrier ått av Julia Shipping Inc i Charlestown på Saint Kitts og Nevis, og har Komorene som flaggstat.

Mannskapet på 20 er hovudsakleg indiske samt ein russisk.

Fartøyet er bygt i Ukraina i 1989

Den har om lag 600 m3 tungolje og vel 300 m3 diesel om bord.

Siste nytt