Publisert: , Oppdatert:
- Gro Kibsgaard-Petersen

Nyttig trening på modellbåtar

Sjølv om den som blir tatt opp som losaspirant alle er røynde navigatørar, gir Kystverket dei 15 månader eigen utdanning. I teori og praksis førebuast losaspirantane på ein krevjande arbeidskvardag. Opplæringa inkluderer og trening med små skalerte skip på vann.    

Opplæringa losaspirantane får i Kystverket inkluderer emne innan navigasjon, skipsmanøvrering, sikkerheit, samhandling i brumannskapet (BRM) og spesialkurs for ulike fartøytyper. Opplæringa inkluderer også trening med små skalerte skip på vann.

Øving i skipsmanøvrering er ein viktig del av losopplæringa. Den vert gjennomført både på innleidde skip, i simulator og også skipsmanøvrering med skalerte skip.

Sist veke var seks av våre nytilsette loser og nautisk rådgjevar i losdirektøren sin stab på et slikt kurs i skipsmanøvrering ved Ilawa Shiphandling and Research Center i Polen. Båtane losane får øve på i Polen er skalert 1: 24 og gir svært realistiske tilhøve for øving. Her får losane ein unik sjanse til å prøve ut ei rekke fartøystyper, med ulike kombinasjonar av ror, framdriftssystem, oppsett av taubåtar og thrusterar. Lange dagar gir stort utbytte. Her får losane verkeleg utfordra ferdigheitene sine; og prøvd seg i situasjonar som kan være svært krevjande å handtere.

- Losane skal ofte løyse losoppdrag på fleire typar fartøy dagleg, og må være klar til å assistere alle slags fartøy til ei kvar tid. Denne type trening er derfor svært verdifull for å gi losane det erfaringsgrunnlaget dei treng for å kunne utføre virket sitt på den profesjonelle måten dei gjer, seier nautisk rådgivar Kurt Haukeberg.

- Dette er både veldig nyttig og ganske gøy, lyder refrenget frå losane på kurs.

Meir om Kystverket si losopplæring

Siste nytt