Publisert: , Oppdatert:
- Pål Are Lilleheim

Sjå bilete frå jubileumsmarkeringa på Runde

Laurdag 2. september blei det markert at det er 250 år sidan det fyrste kolfyret vart tend på øya Runde, i Herøy kommune på Sunnmøre. Godt over 300 personar tok turen til fyrstasjonen, og fekk oppleve historieforteljing, talar, korsong, spel og konsert med Ola Bremnes.

Fyrstasjonen på Runde er ein av dei eldste i landet, og kolfyret som vart tend i 1767 var det fyrste nord for Stad. Gjennom 250 år har det vore ei lang og tidvis dramatisk historie knytt til fyret og området ved Runde. Noko av denne historia blei skildra for dei frammøtte, med underholdande scener frå Rundaspelet.

Guri Aasen serverte gamal overtru med stor innleving, Runde blandakor (med eldste medlem på over 90 år!) overbeviste med vakker song, mens det avslutningsvis blei konsert med Ola Bremnes. Han hadde med seg gitarist Tore Bruvoll frå gruppa Hekla Stålstrenga.

Noko som nok var eit høgdepunkt for dei frammøtte var når Bremnes/Bruvoll, saman med Runde blandakor, framførte visa «Har du fyr». Sjeldan har vel ramma og omgivnadane vore meir perfekt for denne visa, som er ein hyllast til fyra – og som skildrar kor viktig dei alltid har vore for dei som ferdest langs norskekysten.  

Markeringa på Runde blei arrangert av Kystverket, i samarbeid med Runde Grendalag, Ålesund og Sunnmøre turistforeining og Herøy kommune. Dei aller fleste som var med på markeringa hadde gått dei knappe fire kilometrene over fjellet på øya, frå Goksøyr. Nokre blei òg skyssa med helikopter, som gikk i skytteltrafikk for anledninga. Dermed var det mange som fikk eit kjærkome gjensyn med fyrstasjonen.    

Fakta

Runde fyr

  • Beliggenhet: Herøy kommune, Møre og Romsdal 
  • Opprettet: 1767 (Kullfyr i privat drift)
  • Funksjon: Kystfyr
  • Utvikling: Nytt kullfyr i 1815 og 1826.
  • Høyt jerntårn i 1858; avkortet i 1910.
  • Dagens fyrtårn er fra 1935.
  • Øvre del av jerntårnet ble demontert 1940-45. Det er ukjent hvor denne delen befinner seg. Nederste del av jerntårnet er bevart.
  • Automatisert i 1987. Avbemannet i 2002.
  • Vernestatus: Fredet etter Kulturminneloven 2001.
  • Eier: Staten, ved Kystverket. (Kilde: fyr.no)

Siste nytt