Publisert: , Oppdatert:

Kystverket si årsmelding for 2017

Lurer du på kva Kystverket gjorde i fjor? Årsmeldinga frå Kystverket for 2017 er no klar.

Høg aktivitet og ikkje minst eit fokus på kontinuerleg utvikling prega fjoråret. Kystverket er ein etat i stadig endring, både når det gjeld kva oppgåver vi løyser og måten vi løyser dei på.

– Samla sett er eg svært nøgd med resultatet Kystverket har skapt i 2017. Takka vere tilsette med høg kompetanse, fagleg stoltheit, vilje og evne har vi levert eit resultat som svarer godt til visjonen og dei overordna måla til etaten, konkluderar kystdirektør Per Jan Osdal.

Siste nytt