Publisert: , Oppdatert:
- Robert Skjong

Fjerna gamle dieseltankar frå Storholmen fyr

Denne veka har mannskap på Kystverkets farty Oljevern 01 fjerna gamle dieseltankar frå Storholmen fyr.

To gamle og store dieseltankar frå Storholmen fyr, som ligg åtte kilometer vest av Vigra utanfor Ålesund, er erstatta av nye og mindre tankar med dobbel vegg. Desse er allereie på plass i maskinrommet inne i fyrtårnet.

Dei gamle tankane måtte først tømast for diesel, før dei blei kappa reine for rør og innfestingar. Den gamle og forurensa dieselen blei pumpa over på småtankar, som så blei løfta med helikopter om bord i Oljevern 01. Dieselen og dei gamle tankane ble vidare sendt til destruering.

Solcelle og batteri

Utskiftinga er eit ledd i arbeidet Kystverket gjer med fornying og sikring i høve gjeldande krav. Kravet til doble veggar på tankane er for å unngå diesellekkasje til det ytre miljøet – som for Storholmens del er havet.

Dei nye tankane rommar cirka 1000 liter diesel, medan dei gamle var på 12 000 liter.

Utskiftingane er òg gjort for å gi meir driftssikre anlegg, mindre forureinande aggregat og mindre vedlikehald. Storholmen har, i likheit med fleire andre fyrstasjonar langs kysten, blitt bygd om til solcelledrift med kraftige batteribankar. Aggregata er installerte med tanke på nokre få timar i løpet av den mørkaste vinteren for å lade opp batteria.

Fakta

Storholmen fyr

  • Beliggenhet: Giske kommune, Møre og Romsdal
  • Oppretta: 1920
  • Funksjon: Kystfyr
  • Utvikling: Automatisert og avbemanna i 1980.
  • Vernestatus: Ikkje freda
  • Eier: Staten, Kystverket
  • Ny bruk: Ingen

Storholmen fyr ligg på Storholmen, åtte kilometer vest av Vigra, i Giske kommune i Møre og Romsdal. 

Storholmen har inga naturlig hamn, og heilt fram til 1970 måtte folk og varer heisast på land frå sjøen. Frå 1970 har transport til fyret blitt utført med helikopter.

(Kjelde: fyr.no)

Siste nytt