Publisert: , Oppdatert:

Siste seglas for tidlegare havarist

Lasteskipet Harrier (tidlegare Tide Carrier) la i går ut på sin siste seglas. Den tidlegare havaristen sette kursen mot Tyrkia for opphogging.

Siste seglas for Harrier. (Foto: Knut Steffensen/Kystverket)
Siste seglas for Harrier. (Foto: Knut Steffensen/Kystverket)

Fartøyet er kjent frå då det under sitt tidlegare namn fekk motorstopp utanfor Jæren i februar 2017. Véret var dårleg og fartøyet dreiv mot strendene innanfor Feistein fyr. Beredskapsavdelinga til Kystverket sette i verk ein statleg aksjon, og takka vere ein god og koordinert innsats frå losar, slepefartøy, VTS og øvrige involverte ressursar fekk ein kontroll på situasjonen og havaristen før den gjekk på grunn.

I går var fartøyet klar for ein siste seglas, men ikkje åleine. Kystverket hadde sett krav om at fartøyet skulle ha følge av slepebåtar til den var ute av lospliktig sone. Og sjølvsagt også ha losar ombord.

Etter å ha gjennomført planlagte sjøprøver sette Harrier i går ettermiddag kurs sørover, på veg mot opphogging i Tyrkia. Alt gikk som det skulle og i løpet av kvelden i går var fartøyet ute av lospliktig sone. Den eine slepebåten fulgte den også eit stykke vidare.

Informasjon om at Harrier er på seglas har blitt lagt inn i SafeSeaNet, slik at andre kystnasjonar får vite om den.

Siste nytt