Publisert: , Oppdatert:

No kan du søke om tilskot til hamnesamarbeid

Kystverket er i gang med å lyse ut ei ny runde med tilskot til hamnesamarbeid. I 2018 er det løyvd 10, 6 millionar kroner. Søknadsfristen er 1. mars 2018.

Tilskota til hamnesamarbeid skal bidra til meir gods på sjø, ved at konkurranseevna til sjøtransporten blir styrka gjennom auka transportkvalitet og reduserte prisar.

– Dette er det fjerde året vi lyser ut midlar gjennom denne ordninga, og vi opplever at det framleis er interesse rundt den. Både store og små hamner har tidlegare blitt innvilga tilskotsmidlar, og det er spanande å sjå på kva prosjekt som fins rundt omkring i hamne-Noreg, seier seniorrådgivar Øyvind Sandbakk i Kystverket.

Samstundes kan ein minne om at prosjektet må vere ferdig innan fristen for sluttrapportering 30. november.

Søknadsfristen er 1. mars 2018. Interesserte kan finne meir informasjon om ordninga på www.kystverket.no/havnesamarbeid

Siste nytt