Fotokonkurransen Kysten i bilder

Publisert: 27.09.2011, Oppdatert: 26.04.2012

Kysten i bilder-fotokonkurransen er i gong igjen. Bli med, kanskje du endar opp som vinnar og vert premiert med eit vekesopphald på ein fyrstasjon.

Ranveig Nesse Aase gjekk heilt til topps i Kysten i bilder 2011 med dette biletet frå Eggum i Lofoten.

Fyr, merker, stakar, holmar, skjer, leia, båtar, menneske, skapningar, vêr og naturkrefter – den langstrake kysten vår er rik på flotte motiv, både vakre, ville, idylliske, stemningsfulle og dramatiske. Ta med deg kamera ut i kystmiljøet, så kanskje du finn motivet som sender deg til topps i fotokonkurransen.

Kriterier for deltaking i Kysten i bilder:

  • Det er berre den som eig fotoet, fotografen, som kan sende inn bilete til oss.
  • Fotografen samtykkjer samstundes i at Kystverket fritt kan nytte bileta til eiga marknadsføring, artiklar på Kystverkets internettsider eller anna som Kystverket publiserar.
  • Få med kvar biletet er teke, når og kven som er fotograf.
  • Send bidraget på e-post til:

Fyropphald i premie

  • Premie til vinnaren i delkonkurransane er ei hovudlykt
  • Hovudpremien, til vinnaren av årskonkurransen, er ein oppblåsbar redningsvest, samt eit vekesopphald på eit av fyra i ferieheimsordninga til Kystverket. 
  • 2. og 3. plass i årskonkurransen vert også premiert.

 

Fakta

Tema og fristar for delkonkurransane i 2012 er:

I år vert det tre delkonkurransar med følgjande tema og fristar for å sende inn konkurransebidrag:

• "Hamna som knutepunkt" – frist 15. mai
• "Det moderne kyst-Noreg" – frist 15. august
• "Ruskevêr" – frist 15. november

Delvinnarane og bileta som vert vurdert som nummer to og tre i kvar delkonkurranse går vidare til den gruppa med bilete som årsvinnaren blir kåra ut frå. Det gjer også eventuelle bilete som kanskje ikke treff delkonkurransetema godt nok, som juryen meiner likevel har kvalitetar som gjer at dei kan hevde seg i den temafrie årskonkurransen.

Konkurransen vert avslutta i november, slik at vi får med årsvinnaren i årets siste utgåve av etatsmagasinet Kystglimt.