Om Kystverket
/
Kva er Kystverket?
Kva er Kystverket?
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket skal levere i samsvar med politiske vedtak, løyvingar og bestillingar.
Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket førebygg og begrenser skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona.
KV bilde
Aktuelt
-
Kystverket tek ansvar for sjøvegen, og produserer viktige fellesgode for samfunnet.
-
Kystverket vert leia av Kystdirektøren, og hovudkontoret er øvste styringsorgan i etaten. Regionane utfører operative oppgåver og fellesoppgåver på vegne av Kystdirektøren. Kystverket Rederi er ein intern entreprenør og inngår i den statlege beredskapen mot akutt forureining.
-
Kystverket er delvis brukarfinansiert og delvis finansiert over statsbudsjettet. Kystverket får sine oppdrag gjennom statsbudsjettet og mottar årlege tildelingsbrev frå Fiskeri- og kystdepartementet (FKD).
-
Kystverkets visjon er å utvikle kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste.
-
Korleis vart Kystverket Kystverket?
Etaten er ein ung etat med lange tradisjonar. Kystverket si oppgåve har vore å ta vare på sikkerheita og framkoma langs norskekysten – ved å byggje ut og halde i stand ein maritim infrastruktur, og tilby ulike maritime tjenester.
Det vi i dag kjenner som etaten Kystverket, er ei sammeslåing av det tidlegare Fyrvesenet, Losvesenet, og noko av myndigheita frå Havnevesenet.
Les meir om Kystverket si historie under.