Nyare historie
Publisert: 10.10.2011, Oppdatert: 10.10.2011
I 1974 vart Norsk Fyrvesen, Norsk Losvesen og Norsk Havnevesen slått sammen til ein statlig etat med navnet Kystdirektoratet.
I 1981 vart omgrepet Kystverket teken i bruk, samtidig med oppbygginga av distriktsorganisasjonen med regionale distriktskontor i Arendal, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg.
Kystverket er nemninga på etaten i sin heilskap, medan Kystdirektoratet var den leiande eininga, direkte lagt under Fiskeri- og kystdepartementet.
I 2002 vart direktoratet flytta frå Oslo til Ålesund. Distriktskontora fekk spesialansvarsområder, i form av kompetansesentra for ulike fagområder i etaten. Kystverket Rederi, lokalisert i Ålesund, blei skilt ut som eiga eining.
Beredskapsavdeling for akutt forureining - tidlegare ein del av Statens Forurensningstilsyn (no Klima- og forurensningsdirektoratet/Klif) - vart i 2003 ein del av Kystverket. Avdelinga har sitt hovudsete i Horten, med utestasjonar i Bergen og Tromsø. Ho vart organisert som del av Kystdirektoratet.
I 2007 gjekk ein vekk frå nemninga Kystdirektoratet. I staden heiter det no Kystverkets hovudkontor. Samstundes skifta distrikta navn til regionar.
Kystverket er i namnet ein ung etat, men han har lange tradisjonar gjennom forgjengarane; Fyr- og merkevesenet, Losvesenet og Havnevesenet.
Nye oppgåver har kommet til etter kvart. Sjå fleire deltema av historia under Kystverket si nyare historie.