Nye undersøkingar kring vraket av ubåten utanfor Fedje viser at kvikksølvnivået i fisk og sjømat er meir eller mindre uendra. Mattilsynet vel difor å ikkje endre kosthaldsrådet om at gravide og ammande bør unngå fisk og sjømat fanga i området kring vraket.
NIFES har nyleg offentleggjort resultatet av ei ny undersøking av fisk og sjømat kring ubåtvraket på Fedje. Dei viser at nivåa av kvikksølv i sjømat fanga i vraket sin nærleik framleis er moderate, og det ikkje er grunnlag for forbod mot omsetjing.
Analyser utført av NIFES dei fire siste åra viser at fleire arter i dette farvatnet har eit høgare kvikksølvinnhald enn normalverdiane.
- Det er likevel få funn over EUs grenseverdi på 0,5 mg kvikksølv per kilo våt vekt. Difor vurderer vi det som framleis trygt å ete brosme, torsk og krabbe fanga i dette området, seier Amund Måge, forskar ved Program for overvakning ved NIFES, og ansvarleg for rapporten.
Ut frå dette vel Mattilsynet å oppretthalde kosthaldsrådet om at gravide og ammande bør unngå fisk og sjømat fanga i området kring vraket.
Kosthaldsrådet er også i tråd med dei føre var-tiltaka Mattilsynet og Kystverket har om at det ikkje vert fanga fisk tett opptil vraket, og at det er forbode å ferdas ved vraket. Dette er for å hindre at fangst eller annan aktivitet i området bidreg til at forureininga frå vraket vert forverra og øydelegg straummålarane på botnen.
Gravide og ammande
Gravide og ammande er spesielt utsett grupper i forhold til kvikksølv. Sjølv kortvarig eksponering kan ha ein effekt om den skjer i den mest utsette perioden, dvs. dei tre siste månadene av svangerskapet.
EU sine generelle grenseverdiar på kvikksølv i fisk er 0,5 mg/kg. Enkelte store rovfisk som tunfisk, breiflabb og blålange, har likevel etter søknad frå andre EU-land fått grenseverdi på 1 mg/kg fordi dei har høgare verdiar av kvikksølv, og fordi dei ikkje utgjer ein stor del av kosten til folk.
Det er eit generelt kosthaldsråd for ammande og gravide mot å ete fisk med høge nivå av kvikksølv. Dette gjelder for eksempel fersk tunfisk, sverdfisk og gjedde.
Framleis overvaking
Den torpederte tyske ubåten U-864 ligg på 150 meters djup 3 kilometer vest av Fedje. Den vart søkkt i 1945 og kan ha hatt ei last på 60-70 tonn kvikksølv då den vart torpedert. Dette er eit stort kvantum av denne miljøgifta, og det er påvist noko utlekking kvikksølv frå vraket.
Korleis den vidare utviklinga i utlekkinga og auken i nivåa i fisk og sjømat er svært vanskeleg å føreseie. Det er difor vesentleg for sjømattryggleiken at eventuell spreiing og opptak i sjømat framleis vert overvaka.
Kontaktperson Mattilsynet:
Reidun Agathe Medhus, rådgjevar. Seksjon for fisk og sjømat. Hovudkontoret. 55 21 57 31 / 97 13 51 74
Les meir: