Publisert: , Oppdatert:
- Sveinung Nedregotten

Avhending av statlege fiskerihamner

Kystverket skal avhende statlege fiskerihamner som ikkje lenger er i bruk som fiskerihamner. Her kjem ei oversikt over kva for fiskerihamner som er klare for sal.

Mange av dei statlege fiskerihamnene er i dag ikkje lenger næringsaktive som fiskerihamn. Kystverket har eit vedvarande oppdrag om å avhende desse hamnene.

I oppdraget heiter det at Kystverket skal gi tilbod om fortrinnsrett til moglege kjøparar i følgjande prioriteringsrekkefølgje:

1. Statlege institusjonar (vederlagsfri overtaking)
2. Kommunale eller fylkeskommunale institusjonar (til takst)
3. Foreningar med allmennyttige føremål (til takst)
4. Private (på den opne marknaden)

Følgjande hamner er i avhendingsprosess:

Fiskerihavn Kommune Fylke Takst
Tennes Balsfjord Troms 50.000
Stave Andøy Nordland 50.000
Åknes Andøy Nordland 100.000
Hjørungavåg Hareid Møre og Romsdal 500.000
Brattvær Smøla Møre og Romsdal 50.000
Ringsøy / Ringsøykjeila Smøla Møre og Romsdal 50.000
Runde Herøy Møre og Romsdal 1.000.000
Skorpa Herøy Møre og Romsdal 100.000
Kopperstad Herøy Møre og Romsdal 400.000
Sandebukta Herøy Møre og Romsdal 300.000
Bøvågen Herøy Møre og Romsdal 150.000
Giskeødegård Giske Møre og Romsdal 80.000
Giskegård Giske Møre og Romsdal 700.000
Valderhaugstranda Giske Møre og Romsdal 600.000
Valkve Giske Møre og Romsdal 1.050.000
Haram Haram Møre og Romsdal 500.000
Longva  Haram Møre og Romsdal 500.000
Rogne Haram Møre og Romsdal 500.000
Lausund - molo Haram Møre og Romsdal 100.000
Hamnevågen Sandøy Møre og Romsdal 400.000
Vetvik Bremanger Sogn og Fjordane 0
Utvær Solund Sogn og Fjordane 50.000-100.000
Gjerdevika Flora Sogn og Fjordane 50.000
Gardsvågen, Nautøy Solund Sogn og Fjordane 200.000
Røysetstranda Selje Sogn og Fjordane 100.000
Indre Fure Selje Sogn og Fjordane 200.000
Hoddevik Selje Sogn og Fjordane 250.000
Drage Selje Sogn og Fjordane 250.000
Refvik Vågsøy Sogn og Fjordane 200.000
Melværvågen Askvoll Sogn og Fjordane 150.000
Høyvik Askvoll Sogn og Fjordane 350.000
Eide Hyllestad Sogn og Fjordane 350.000
Storøy Solund Sogn og Fjordane 200.000
Steinsøysundet/Oldersundet Solund Sogn og Fjordane 150.000
Hersvik Solund Sogn og Fjordane 300.000
Kjøpmannsvågen Øygarden Hordaland 800.000
Baldersheim Fusa Hordaland 800.000
Toftevika Sund Hordaland 600.000
Golten Sund Hordaland 2.500.000
Lyngholmen Sveio Hordaland 500.000
Ternholmen Sveio Hordaland 150.000
Sanden Øygarden Hordaland 75.000
Vinnes Fusa Hordaland 750.000
Follese Askøy Hordaland 800.000
Ramsøy Askøy Hordaland 2.100.000
Melingsvåg, Imly Stavanger Rogaland 380.000
Føresvik Bokn Bokn Rogaland 250.000
Vik Karmøy Rogaland 150.000
Hemnes Karmøy Rogaland 50.000-100.000
Hellestø Sola Rogaland 100.000-150.000
Sanden, Åna Sira Sokndal Rogaland 50.000-100.000
Vatnemoholmane/Holmane Rogaland 100.000-150.000
Østhusvik Rennesøy Rogaland 670.000
Torsøya Kristiansand Vest-Agder 100.000
Kjødevågen/Litla Flekkefjord Vest-Agder 150.000
Undhammer Flekkefjord Vest-Agder 80.000
Goksem Lindesnes Vest-Agder 150.000
Selør, Sælør Lyngdal Vest-Agder 280.000
Dyrstavågen Mandal Vest-Agder 200.000
Ullerøy Farsund Vest-Agder 100.000
Verevågen Farsund Vest-Agder 180.000
Østhasselstrand Farsund Vest-Agder 320.000
Haugestranda Farsund Vest-Agder 350.000
Snekkestø Farsund Vest-Agder 200.000
Tranevåg Farsund Vest-Agder 280.000
Jøllestø Farsund Vest-Agder 300.000
Narestø Arendal Aust-Agder 120.000
Sandøya Porsgrunn Telemark 650.000
Langesund Bamble Telemark 180.000
Stavern / Fredriksvern Larvik Vestfold 1.200.000
Lille Arøya Larvik Vestfold 120.000

Fleire hamner er snart klare for avhending

Fleire Ikkje-næringsaktive fiskerihamner er under taksering, og avhendingsprosessen for desse går vidare etter at takstrapportar er mottekne. 

Følg med på denne sida for når nye hamner kjem for sal!
Kort adresse: www.kystverket.no/avhending

Siste nytt