Utbygginga av Myre hamn

Myre hamn i Vesterålen har fått ei breiare innsegling og to nye moloar som skal skjerme hamna frå nord og nordvest. Den utbetra hamna blei opna 1. september 2016.

Nyhetsliste

Festopning av hamna på Myre

Torsdag 1. september vender olje- og energiminister Tord Lien heim til Myre for å stå for den offisielle opninga etter at Myre hamn har blitt utbetra.

Fakta

Myre hamn ligg i Øksnes kommune i Nordland. Fiskeri har alltid hatt ein viktig rolle for kommunen i Vesterålen. Den geografiske nærleiken til Noregs mest produktive havområde når det gjeld marine arter er ei av årsakene til dette. Kvar vinter kjem den nordarktiske torskestammen, skreien, frå Barentshavet for å gyte, noko som dei seinaste åra har ført til eit eventyrleg vinterfiske.

Myre har vokst fram som hamn i takt med industrialiseringa av fiskeria frå 50-talet og fram til i dag, og er i 2013 ei av dei viktigaste fiskerihamnene i Nordland, med ein variert fiskeflåte frå sjarkar til trålarar. Sidan 2000 har mengda varer som blir skipa inn og ut av Myre tredobla seg, mens anløpa berre har økt med 30 prosent i same periode.  Det seier noko om auken i storleiken på fartøya, som i dag seglar innom Myre. Mykje av auken i aktivitet er det fiskeforprodusenten BioMar som står for. Hamna er i dag motoren til Myre som samfunn, og næringsaktiviteten i Øksnes kommune.

I 2007 tok det lokale hamnemiljøet på Myre initiativ til utdjuping av innseglinga, og same år blei det sendt søknad til Kystverket om å starte forprosjektet til utbygging av hamna. Hausten 2012 blei prosjektet vedteke og teke med i statsbudsjettet for 2013. Prosjektet er no inne i noverande periode av Nasjonal transportplan. Kystverket planlegg oppstart av sjølve hamneutbygginga i november 2013.

Siste nytt