Publisert: , Oppdatert:

Kvar og når?

Mot ny hamn i 2016: I løpet av dei neste åra vil Myre hamn endra seg mykje. Under utbygginga vil innseglinga bli påverka og Gjæva og Myreskjæran vil i 2016 være del av ein molo.

Myre hamn er ei av Nordlands mest aktive fiskerihamner og ligger på vestsida av Langøya i Øksnes kommune. Det er fire områder i og rundt Myre som vil bli påverka og endra på grunn av utbygginga. Det området der sjølve utbygginga vil påverke hamna og samfunnet mest er utdjupinga av innseglinga mellom BioMar og Myreneset. Dette skal gjerast for å oppnå ei nødvendig og sikker farleisbreidde på 80 meter og ei djupne på  8,5 meter i heile seglingsbreidda.

Den ytste moloen mellom skjæra

Like utanfor sjølve innseglinga ligg Vorneset, der det vil bli bygd ein molo på 200 meter. Vidare vil sjøområdet mellom holmane Gjæva og Myreskjæran vest for Myre bli endra som følgje av moloen som skal byggast mellom de to holmane med en lengde på 1460 meter. Dette er for å skjerme innseglinga frå sjø og vind frå nord og nordvest, og opne for ein aktiv sjøretta bruk av næringsarealane og kaia på Kattneset. Bukta som i dag skil Kattneset og Skarvskjæret vil bli fylt igjen med masser frå  utdjupinga og gje Myre muligheit for nye areal for næring. Her vil det også bli eit smalt strandkantdeponi for forureina masser frå utdjupninga.

Omsyn til aktiviteten i hamna

Utbygginga av Myre hamn blei lagt ut på anbod i midten av juni 2013 og Kystverket vil jobbe for å ha ein entreprenør klar i oktober, med byggestart i november same år. Utbygginga vil ta omsyn til aktiviteten i hamna, og tilpasse seg det viktige vinterfisket. Den nye hamna er planlagt ferdig i juni 2016. Kystverket inngikk 11. oktober 2013 kontrakt med det danske entreprenørkonsernet Per Aarsleff AS  for utbygginga av Myre hamn. Konsernet planlegger og gjennomfører store infrastrukturprosjekt, og har spisskompetanse og 40 års erfaring med hamneutbygging, eit felt dei er leiande på i Danmark. No tek dei jobben med å bygge ut Myre hamn.

Siste nytt