Innseiling Hjertøysundet

Kystverket planlegg å utdjupe farleia gjennom Hjertøysundet sør for Molde. Utdjupinga vil gi farleia gjennom Hjertøysundet ei breidde på 50 meter med ei djupne på 6 meter under sjøkartnull. Dagens djupne er mellom 3 og 5.5 meter og breidda er om lag 30 meter. 

Det er også lagt opp til ei opprydding og oppgradering av sjømerka som er der.
Hurtigbåt og ferje som trafikkerer farleia har behov for djupare og breiare lei samt betre oppmerking for sikker manøvrering.

Hovudmålet med tiltaket er å bidra til ein sikker seglas for både nyttetrafikk og fritidsflåte. Det vil redusere faren for grunnstøting og dermed mogeleg skade på fartøy og personar, samt miljøforurensing.

Til saman skal om lag 32 000 kubikkmeter masse fjernast frå farleia. Massene blir deponert i fyllingar ved Moldegård og Reknes molo.

Anleggstart er  i løpet av hausten.

Arbeida blir gjort av Wasa Dredging.

Nyhetsliste

Hjertøysundet stenges for all trafikk

Farleia gjennom Hjertøysundet ved Molde i Møre og Romsdal skal bli dypere og bredere. Fra mandag 12. oktober blir derfor sundet stengt for all båttrafikk inntil anleggsarbeidet er ferdig.

Siste nytt