Isprognosar kjem snart
Kystverket har fått eit positivt svar på førespurnaden til Meteorologisk Institutt om iskart over Skagerrak basert på avansert satellittinformasjon. Slike kart og enkle prognosar kan ligge føre om kort tid.
– Vi tek sikte på å setje i gong ei detaljert iskartlegging for Oslofjorden og Skagerrak. Den er basert på optisk informasjon frå vêrsatellittar (oppløysing ca. 1 km) og radardata frå RADARSAT (oppløysing 100–150 m), opplyser meteorologidirektør Jens Sunde til Kystverket.
Han er også i kontakt med havmoduleringsforskarar om isprognosar.
– Forskarane har ein numerisk varslingsmodell med 4 km oppløysing som gir støtte for å utarbeide kvalitative isprognosar. Istenesta i Tromsø vil nytte erfarne meteorologar til kvalitativ varsling basert på empiriske metodar og modellvarsel, fortel Sunde.
– Dette er gledeleg. Ei betra iskartlegging og varsling kjem både oss og andre til gode, fastslår Arve Dimmen, direktør for Kystverkets sjøsikkerheitsavdeling.– Korleis dette vert formidla vidare – om det er noko vi legg ut på våre nettsider eller om ein skal gå inn på Meteorologisk Institutt sine sider – er noko vi vil kome attende til seinare, avsluttar Dimmen.
Kystinfo kart

Siste nytt
-
Ny podkast: Teknologi og mennesket som "sensor"
Hør Odd Sveinung Hareide fortelle om lostjenesta, innovasjon og digitalisering i Kystverket.
-
Høring av forskrift om kommunal beredskap mot akutt forurensning
Kystverket forslag til forskrift om kommunal beredskap er nå ute på høring. Forskriften vil erstatte forurensningsforskriften kapittel 18A om kommunal beredskap mot akutt forurensning.
-
Hør podkaster fra Kystverket
I samarbeid med Lørn.tech har Kystverket spilt inn en podkastrekke, der de overbyggende temaene er teknologi, utvikling og innovasjon. I podkastene blir vi også bedre kjent med Kystverket og etatens samfunnsansvar og oppgaver.
-
Anbefaler nasjonalt maritimt responssenter
Sjøfartsdirektoratet og Kystverket har utarbeidet forslag til maritim strategi for digital sikkerhet. Etatene kommer med flere konkrete anbefalinger, inkludert etablering av nasjonalt responssenter.
-
Ny organisering av Kystverket frå 1. januar
– Brukarar og samarbeidspartnarar skal ikkje merke noko til organisasjonsendringa vår. Vi er framleis til stades langs heile kysten, med dei same oppgåvene – og med minst like høg servicegrad som før, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
- Gå til nyhetsarkiv