Publisert: , Oppdatert:

Kystverket ber om isprognose

Kystverket har førespurt Meteorologisk Institutt om det er mogleg å få vekesprognosar for korleis ein ventar sjøisen vil breie seg langs kysten.

– Vi veit at Svenska Meteorologiska och Hydrologiska Institut har kome med isprognosar for sine kystområder, og er i dialog med Meteorologisk Institutt om dei kan utarbeide liknande prognosar for våre kystområder, i tillegg til meir detaljerte iskart, forklarar Arve Dimmen, direktør for Kystverket si sjøsikkerheitsavdeling.
 
Kystverket har allereie ei ismeldingsteneste (sjå lenkje) som baserer seg på meldingar frå hamnene rundt om i landet. Den fortel korleis isforholda er frå dag til dag, men det er også ønskjeleg å få ein prognose for korleis isforholda kan ventast å bli.
 
– Per i dag skaper ikkje isen større utfordringar for skipsfarten enn at dei relativt greit let seg løyse. Men vi fylgjer utviklinga tett, og ser at ein prognose for kva vi kan vente oss framover vil vere nyttig i planleggingsarbeidet, seier Dimmen.

Fakta

Foto: Kystverket
Foto: Kystverket
FOTO: LN-HTD/Kystverket
Foto: LN-HTD/Kystverket

Kystinfo kart

Tillitsvalgte og direktører i losforbundet og kystverket

Siste nytt