Publisert: , Oppdatert:

Kva med kulturminna på kysten vår?

Nettopp "vern og dokumentasjon av kulturminna på kysten" er hovudtema for den nasjonale kystkulturkonferansen som i år finn sted i Florø 3.-5. mai.

Årets konferanse set søkjelys på aktuelle utfordringar knytt til vern og dokumentasjon av kystens kulturminne, mellom anna:

- Korleis kan oppfølginga av Riksantikvaren sin nasjonale plan for vern av fartøy bidra til eit meir representativt og heilskapleg fartøyvern?

- Kva er gode tilnærmingar for vern og dokumentasjon av kystens industrianlegg, kulturmiljø og kystlandskapet?

- Kva er fornuftige retningar for framtidig vern og dokumentasjon av kystkulturen m.o.t. representativitet, samarbeidskonstellasjonar og arbeidsprosessar?

Den siste dagen vert det sett nærare på konkrete utfordringar knytt til oppfølging av Kystverket sin landsverneplan for maritim infrastruktur.  I anledning av at det sjette heftet i serien "Fortellinger om kyst-Norge" vert lansert på konferansen, skal ein også utforske korleis havbruksnæringa best kan dokumenterast. Innimellom vert det tid til nokre innblikk i den regionale historia, til besøk på Kystmuseet og ein ekskursjon til fiskeværet Kalvåg.

Riksantikvaren, ABM-utvikling, Fiskeridirektoratet og Kystverket står som arrangørar. Programmet er utarbeidd i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Florø kommune og Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Konferansen er eit bidrag til markeringa av 150 års jubileet for Florø by.

Konferansen er ope for alle som har kystkultur som interesseområde. Velkommen!

Kystinfo kart

Tillitsvalgte og direktører i losforbundet og kystverket

Siste nytt