Publisert: , Oppdatert:

Utbetrar skipsleia i Måløysundet

Denne veka starta Kystverket utbetringa av skipsleia i Måløysundet i Vågsøy kommune. Aukt dybde og bredde vil gi betre framkome for større farty, meir oversiktleg og lettare manøvrerbar farlei, og redusert ulykkesrisiko og auka trafikktryggleik for farty.

Målet er å auka tryggleiken for skipsfarten i sundet. Måløybrua fungerer i dag som ein “flaskehals” der møtande båtar av en viss storleik ofte må vente på kvarandre når dei skal segle under brua.

Vestre skipslei, som er djupast, vert som regel nytta av både nordgåande og sørgåande trafikk. Farleia under Måløybrua skal utdjupast slik at det vert mogleg å separera trafikken under brua. I tillegg skal Trollebøflua fjernast for å oppnå betre manøvreringsforhold i Ulvesundet.

Austre sund under Måløybrua skal utdjupast ned til 12 meter i ei bredde av 75 meter, mens Vestre sund under Måløybrua skal utdjupast ned til 10 meter i eit mindre område vest for austre brufundament. Trollebøflua i Ulvesundet skal utdjupast ned til 12 meter.

Arbeidet startar opp i austre løp, flyttar seg til Trollebøflua og avsluttar i vestre løp. Utbetringsarbeidet i Måløysundet kostar om lag 43 millionar kroner

Kystinfo kart

Tillitsvalgte og direktører i losforbundet og kystverket

Relaterte dokumenter

Siste nytt