Publisert: , Oppdatert:

Arbeidslag frå Kystverket i dramatisk redningsaksjon

Håkon Kristensen og Fredrik Pedersen i Hvasser fyrlag gjorde ein god og viktig redningsinnsats, då fire ungdommar hamna i vatnet under leik med rib-båt og tube utanfor Tønsberg onsdag 6. juli.

Fyrlaget var i nærleiken med arbeidsfartyet "Midtbas" då Tjøme radio meldte om uhellet. To av ungdommane hadde falle av tuba som vart slept etter rib-båten, og dei to i rib-båten hadde også hamna i vatnet. Rib-båten traff også ein seglbåt, før den heldt fram med å gå i ring i høg fart.

Både politibåt og redningsskøyte var eit stykke unna, men Håkon Kristensen og Fredrik Pedersen var raskt på staden. Dei gjorde ein viktig jobb med å få ungdomane opp av vatnet, den eine var hardt skadd etter å ha blitt påkøyrd av den løpske rib-båten. Dei to kystverktilsette hadde deretter heldt anna båttrafikk unna, slik at den løpske båten ikkje skapte fleire ulukker. Til slutt hamna den på eit skjær.

Den skadde ungdommen blei frakta til Ullevål sykehus med helikopter.

Siste nytt