Publisert: , Oppdatert:

Vil gå gjennom regelverket for fart til sjøs

Kystminister Lisbeth Berg-Hansen ber Kystverket vurdere nye forskrifter for fartsbegrensning i sjøen.

– Folk bør kunne ferdast trygt og ha gode opplevingar på sjøen. Dei tragiske båtulukkene dei siste dagane viser kor viktig det er å ha sikkerheita på plass. Eg har no bedt Kystverket vurdere nye forskrifter som vil gje betre sikkerheit for ferdsel langs kysten, seier Berg-Hansen.

Det gjeldande regelverket er frå juni 2003.

Statsråden vil ikkje no ta stilling til om det bør vere ei generell fartsgrense for heile landet.

Siste nytt