Publisert: , Oppdatert:

Om utviklinga i losforhandlingane

Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet (FAD) forventar at YS Stat sørger for at losane svarer på førespurnadane fra losformidlingen og bidrar til at trafikken kan gå som normalt.

I går hadde Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet møter med YS Stat, som har eit overordna ansvar for medlemmane i Norsk Losforbund.

I ei pressemelding skriv FAD at YS Stat har eit overordna ansvar for at medlemmane og det enkelte forbund ikkje opptrer ulovleg eller tariffstridig, og har i dette høvet ei aktivitetsplikt. FAD forventar at YS Stat syter for at losane svarer på førespurnadar frå losformidlinga og bidreg til at trafikken går som normalt.

FAD vil i morgon ha eit nytt møte med YS Stat. Her vil YS Stat gjere greie for korleis dei vil følgje opp saka vidare.

FAD handsamar forhandlingane

Kystverket og Norsk Losforbund har sidan oktober 2010 forhandla om ny særavtale for losane.

Norsk Losforbund retta den 30. juni ein formell førespurnad til Kystverket, der dei oppmoda om at forhandlingane om ny særavtale igjen blir handsama av FAD og hovudsamanslutningane. Kystverket slutta seg til denne løysinga, og partane har formalisert dette gjennom ein eigen protokoll av 5. juli 2011.

Siste nytt