Publisert: , Oppdatert:

Fjernar "Rocknes" grunna

Grunnflaket der "Rocknes" havarerte i 2004 skal sprengast ned. Utbetringa startar i 2011 og skal betre seglingsforholda og førebygge fleire ulykker i Vatlestraumen.

Det var i Vatlestraumen ved innseglinga til Bergen frå sør at MS "Rocknes" grunnstøytte og forliste 19. januar 2004. Skipet kantra og 18 menneske omkom i ei av dei verste skipsulykkene som har skjedd langs norskekysten i nyare tid.

Trongt og utfordrande farvatn
Topografien og straumforholda i Vatlestraumen er utfordrande for dei som segler her. Innanfor eit kort tidsrom må navigatørar gjere fleire store kursendringar i det tronge farvatnet.

– Uansett kor mykje ein har førebudd seg, så kan ein aldri heilt vite kor sterk straumen er i Vatlestraumen. Straumen går sidevegs akkurat der sundet er smalast og dei spesielle straumforholda gjer at navigatørane har utarbeidd seg ein uskriven praksis, der dei varslar møtande farty opptil ti minutt før. Utbetringa av sundet vil gje navigatørane betre tryggleiksmarginar under seglinga, seier losoldermann Kjell Asle Djupevåg i Kystverket.

Utbetringa av Vatlestraumen er eit av tiltaka som er sett i verk for å hindre fleire ulykker i den travle skipsleia. Grunnflaket skal sprengast ned frå ni til 14 meters djupne, noko som vil auke seglingsbredda i sundet. Totalt skal rundt 65 000 kubikkmeter fast masse fjernast over eit areal på 12 000 kvadratmeter.

Mykje trafikk
I 2010 registrerte Kystverket nærare 14 000 skipsbevegelsar gjennom Vatlestraumen. Mange av desse er lasteskip og passasjerskip i transitt, men også farty på veg til og frå Bergen hamn og til dei viktige industrihamnene rundt Bergen.

– Vatlestraumen er innfallsporten til Bergen i sør. Farty som vel å gå ei anna skipslei inn til Bergen frå sør får ein omveg på nærmare 40 nautiske mil, og derfor er det mykje trafikk her, opplyser Djupevåg.

Startar opp til hausten
– Utbetringsprosjektet i Vatlestraumen skal lysast ut i desse dagar. Arbeidet startar opp i september og skal fullførast i løpet av 2012, seier prosjektleiar Tone Sivertsen ved Senter for utbygging i Kystverket.

Området skal også merkast med nye navigasjonsinnretningar når arbeidet er gjennomført.

Eit åpnare farvatn
Tiltaket får innverknad på dei fleste fartya som går gjennom Vatlestraumen. Navigatørane får meir plass til å navigere i det tronge farvatnet og klaringa til grunt farvatn på styrbord side ved sørgåande passering blir større. Utbetringa av skipsleia bidrar til å redusere mogelege uønska hendingar og – som yttarste konsekvens – grunnstøytingar som kan føre til tap av menneskeliv og skader på miljøet i kystsona.

Fakta

- Vatlestraumen ligg nordaust for Bjorøy i Fjell kommune, Hordaland, og er ein del av hovedleia i innseglinga til Bergen frå sør.
- Utbetringa av Vatlestraumen er eit prioritert tiltak i regjeringas Nasjonale transportplan.
- Nærare 14 000 skipsbevegelsar registerast i Vatlestraumen årleg.
- Utbetringa av sundet gjer navigatørane betre tryggleiksmarginar under seglinga og meir plass til å navigere i det tronge farvatnet.

Siste nytt