Publisert: , Oppdatert:

Kartlegg status for dei statlege fiskerihamnene

Mange av dei om lag 600 statlege fiskerihamnene i landet er i dag ikkje-næringsaktive. No har Kystverket iverksett eit samarbeid med Fiskeridirektoratet, for å kartleggje næringsaktiviteten i fiskerihamnene.

Dei siste ti åra har Kystverket hatt i oppdrag frå Stortinget å utføre ei avhending eller overføring av slike ikkje-næringsaktive fiskerihamner til nye formål.

– Å forvalte dei om lag 600 statlege fiskerihamnene er ei krevjande oppgåve for Kystverket, både i høve til bruk og vedlikehald. Slik samfunnsutviklinga har vore, har ikkje fiskerinæringa lenger behov for mange av desse hamnene, fortel Vigdis T. Bye, direktør for Kystverkets kystforvaltningsavdeling.

Fiskeridirektoratet kartlegg

I samråd med Fiskeridirektoratet er det difor iverksett ei kartlegging, der det blir gjort ei heilskapleg vurdering av næringsverksemda i dei ulike fiskerihamnene rundt om i landet. Kva for nokre hamner bør framleis bli forvalta som fiskerihamner? Og kva hamner har utspela sin funksjon som infrastruktur for fiskerinæringa, og med det også si rolle som statleg fiskerihamn?

Regionkontora til Fiskeridirektoratet vurderer hamnene i sine regionar. Resultatet av kartlegginga er venta overlevert til Kystverket i løpet av hausten.

Prioritering

I vurderinga legg ein til grunn at ein skal sikre noverande og framtidige behov for fiskerihamner. I samband med vurderinga blir nasjonale og lokale næringsinteresser kontakta av Fiskeridirektoratet der det er aktuelt.

– Målet er at Kystverket på sikt skal kunne prioritere forvaltinga av dei aktive fiskerihamnene og sørgje for at desse fungerar optimalt. Med andre ord vil dette gje ei meir effektiv forvalting, sidan ressursane då i hovudsak går til fiskerihamner som faktisk er næringsaktive. Når det gjeld avhending eller overføring av fiskerihamner til ny bruk, vil Kystverket i løpet av året utarbeide ein overordna strategi for omfang og gjennomføring av dette, fortel Bye.

Opnar for vitalisering

Kva som kjem til å skje med dei ulike hamnene er det alt for tidleg å spekulere i.

– No skal først næringsaktiviteten i hamnene kartleggast. Deretter skal altså ein overordna strategi for det vidare løpet utarbeidast, fortel Bye, som trur ei statusendring vil vere positivt for mange hamner.

– Fiskerihamn-statusen legg sterke band på bruken – då er det først og fremst fiskeriinteressene som skal sikrast. Annan bruk skjer berre på midlertidig basis. Ei avhending eller overføring til ny bruk kan derfor føre til ei vitalisering, i form av nye moglegheiter der bandlegginga har vore til hinder for utvikling, seier ho.

For ytterlegare informasjon kontakt:

Ingvild Kragset, seniorrådgjevar i Kystverkets kystforvaltningsavdeling, mob. 934 53 921

Siste nytt