Publisert: , Oppdatert:

Kontrakt om oljetømming signert

1. juni fekk Frank Mohn AS tildelt kontrakt for å fjerne olje frå tre skipsvrak i Ofotfjorden. Denne uka vart kontrakta signert av kystdirektør Kirsti Slotsvik og salgsleiar i Frank Mohn AS, Erik Gloppen.

Oppdraget gjeld vraka av "Erich Giese" og "Neuenfels" i Ofotfjorden, samt vraket av "Boardale" utanfor Vesterålen. Tildelinga skjer etter ein offentleg anbodskonkurranse.

Operasjonen startar opp i Narvik hamn i midten av august, og skal vere avslutta i løpet av oktober. Frank Mohn AS kjem til å nytte eit av Kystverkets slepeberedskapsfarty som plattform under oppdraget.

– Tømminga av vraka er ei oppfølging av Kystverket sin rapport, og anbefalingar knytta til skipsvrak langs norskekysten. Vi er svært nøgde med å ha underteikna kontrakt med ein solid aktør, seier kystdirektør Kirsti Slotsvik

Signeringa vart gjort 15. juni.

Siste nytt