Publisert: , Oppdatert:

NTP: Vekst i nord krev betre infrastruktur

Infrastrukturen i Nordområda må betrast for å møte veksten i regionen og for å få til auka næringsverksemd. Vegnettet må styrkast, Ofotbanen byggjast ut, Nordlandsbanen utbetrast og omlastingshamner må utviklast, konkluderer Nordområdeutredningen.

Infrastrukturen i Nordområda må betrast for å møte veksten i regionen og for å få til auka næringsverksemd. Vegnettet må styrkast, Ofotbanen byggjast ut, Nordlandsbanen utbetrast og omlastingshamner må utviklast, konkluderer NordområdeuNordområdeutredningen er utarbeidd av Avinor, Kystverket, Jernbaneverket, Statens vegvesen og dei tre nordnorske fylkeskommunene. Utgreiinga er eit grunnlagsdokument for arbeidet med Nasjonal transportplan 2014–2023 (NTP).

Aktivitet krev ein betring av infrastruktur

– Auka utvinning av malm og mineralar, fiskeri og havbruk, petroleumsnæringa og ikkje minst reiseliv og turisme gjer at transportårene vert viktigare enn nokon kong. All aktiviteten i nordområda krev ein kraftig betring av infrastrukturen, sa vegdirektør Terje Moe Gustavsen då han på vegner av Avinor og transportetatane overleverte utgreiinga til samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa og fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i Vadsø onsdag.

– Det blir meir og tyngre transport. Eit sterkt og godt transportnett i Nord-Noreg vil støtte opp under næringsutviklinga som er venta i nord, seier regionvegsjef Torbjørn Naimak i Statens vegvesen, som har leidd styringsgruppa for arbeidet.

Utfordringar på alle transportplan

Utgreiinga slår fast at hovudleiene for sjøtrafikken bør merkast betre for å auke tryggleiken for ferje og hurtigbåttrafikk. Lufthamnstrukturen må få eit meir formålstenleg rutetilbod mellom vekstsentra i regionen, til resten av landet, og til utlandet.

Ein ventar auka utvinning av malm og mineralar, både i Nord-Noreg, Sverige, Finland og Russland. Ein stor del av produksjonen vert seld på verdsmarknaden – og då er ei mogleg utskiping frå ei djup, isfri hamn eit attraktivt alternativ. Om transporten gjennom Nordvestpassasjen aukar, kan det verte behov for omlasting mellom større og mindre skip på begge sider.

– Her ligg det og store utfordringar og moglegheiter. Narvik utpeikar seg som ei viktig transitthamn for jernmalm frå Sverige og moglegvis Finland. Sør-Varanger og Nordkapp er truleg mest aktuelle som omlastingshamner for sjøtransport via Nordaustpassasjen. Frå finsk side vert ei jernbanetilknyting til Noreg vurdert, for å skipe ut malm via isfrie hamner, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Konkrete tiltak

Nordområdeutredningen er konkret i sine tilrådingar av tiltak:

1. Betre kapasitet på Ofotbanen skal kunne

  • ta unna malmtransport
  • klargjere bana for utvikling av andre togprodukt
  • utvikle kryssingsspor og dobbeltsporparsellar
  • utvikle dobbeltsporutgreiing i lag med svenske styresmakter

2. Nordlandsbanen må få betre kapasitet for å kunne

  • møte forventa vekst i gods- og persontransport
  • fullføre fjernstyring av bana så raskt som mogleg

3. Knutepunkta bør vidareutviklast

  • Narvik, Tromsø og Bodø for å få til auka transport på sjø og bane
  • Mo i Rana og Kirkenes for å ta ein større rolle for meir effektiv godstransport.

4. Hovudleiene for sjøtrafikken bør ha nasjonal standard og terminalane må ha god tilkomst.

5. Flyplasstrukturen i Nord-Noreg må ha ei gjennomgåing. Transportetatane gjer ei eiga utgreiing om lufthamnene, som inngår i det endelege NTP-forslaget.

6. E6 må ha god standard og høg framkome

  • Vintervedlikehald, rassikring, beredskap, utbetring av flaskehalsar og ferjetilbod vert trekt fram
  • Det gjeld og tilførselsvegane


7. Definerte vekstregionar i Nord-Noreg vil utviklast:

  • Helgeland
  • Bodø–Salten
  • Midtre-Hålogaland
  • Tromsø med omland
  • Alta–Hammerfest
  • Kirkenes–Varanger

Kontaktpersonar

 Statens vegvesen

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen via kommunikasjonsdirektør Sissel Faller. mobil 900 86 155
Regionvegsjef Torbjørn Naimak, Statens vegvesen Region nord, mobil 901 89 845

Kystverket

Assisterande kystdirektør Per Jan Osdal via kommunikasjonsdirektør Ola Stenvaagnes, mobil 915 99 690

Jernbaneverket

Jernbanedirektør Elisabeth Enger på mobil 908 40 804
Seksjonssjef Paul Runnestø på mobil 916 55 326

Avinor

Lufthamnsjef i Tromsø, Hans Børre Joakimsen på mobil 901 40 207tredningen.

Siste nytt