Publisert: , Oppdatert:

Utbetrer Vatlestraumen

Grunnflaket der ”Rocknes” havarerte i 2004 skal sprengast ned. Utbetringa har planlagt oppstart i haust, og skal bidra til å auke tryggleiken for skipsfarten i Vatlestraumen.

– Søknaden om godkjenning av tiltaket er sendt til Fjell kommune og prosjektet vart nyleg lyst ut på anbod. Viss alt går etter planen og godkjenningane kjem på plass, ser vi for oss å starte opp i september med fullføring av prosjektet i 2012, seier prosjektleiar Tone Sivertsen i Senter for utbygging i Kystverket.

Eit førebyggjande tiltak

Utbetringa av Vatlestraumen er eit av tiltaka som er sett i verk for å hindre ulykker i skipsleia. Topografien og straumforholda i Vatlestraumen er i dag utfordrande, og navigatørar må gjere fleire store kursendringar innanfor eit kort tidsrom i det tronge farvatnet. Grunnflaket skal sprengast ned frå ni til 14 meters djupne, noko som vil auke seglingsbredda i sundet. Totalt skal rundt 65 000 kubikkmeter fast masse fjernast over eit undersjøisk areal på 12 000 kvadratmeter.

– Uansett kor mykje ein har førebudd seg, så kan ein aldri heilt vite kor sterk straumen er i Vatlestraumen. Straumen går sidevegs akkurat der sundet er smalast, og dei spesielle straumforholda gjer at det hjå navigatørane som seglar her har utarbeidd seg ein uskriven praksis, der dei varslar møtande farty opptil ti minutt før. Utbetringa av sundet vil gje navigatørane betre tryggleiksmarginar under seglinga, seier losoldermann Kjell Asle Djupevåg i Kystverket.

Mykje trafikk

I 2010 registrerte Kystverket nærare 14 000 skipsbevegelsar gjennom Vatlestraumen. Mange av desse er lasteskip og passasjerskip i transitt, men også farty som er på veg til og frå Bergen hamn og til dei viktige industrihamnene rundt Bergen.

– Vatlestraumen er innfallsporten til Bergen i sør. Farty som vel å gå ei anna skipslei inn til Bergen frå sør får ein omveg på nærmare 40 nautiske mil, og derfor er det mykje trafikk her, opplysar Djupevåg.

Eit åpnare farvatn

Tiltaket får innverknad på dei fleste fartya som går gjennom Vatlestraumen. Navigatørar får meir plass til å navigere i farvatnet og klaringa til grunt farvatn på styrbord side ved sørgåande passering blir større. Området skal også merkast med nye navigasjonsinnretningar når arbeidet er gjennomført.

Det var i Vatlestraumen, ved innseglinga til Bergen i sør, at MS "Rocknes" grunnstøytte og forliste 19. januar 2004. Skipet kantra og 18 menneske omkom i den tragiske ulykka. Utbetringa av skipsleia kan bidra til å redusere mogelege uønska hendingar og skader på miljøet i kystsona som følgje av grunnstøytingar.

Siste nytt