Publisert: , Oppdatert:

Vraktømmingsoppdrag til Frank Mohn AS

Frank Mohn AS er tildelt kontrakt for å fjerne olje frå dei tre skipsvraka "Erich Giese", "Neuenfels" og "Boardale".

Kystverket har i dag tildelt kontrakt til Frank Mohn AS for å tømme tre skipsvrak for olje. Oppdraget gjeld vraka av "Erich Giese" og "Neuenfels" i Ofotfjorden og vraket av "Boardale" utanfor Vesterålen. Tildelinga skjer etter ein offentleg anbodskonkurranse.

Frank Mohn AS skal nytte sitt ROLS ROV-system (sjå bilete under artikkelen) i tømminga av vraka. Dette er eit ROV-system (miniubåt) som har blitt nytta i samband med tømming av totalt 16 skipsvrak sidan midten av 1990-talet, utan at det under desse operasjonane har skjedd utslepp av større oljemengder til miljøet.

Operasjonen startar opp i Narvik hamn i midten av august og skal vere avslutta i løpet av oktober. Frank Mohn AS kjem til å nytte eit av Kystverkets slepeberedskapsfarty som plattform under oppdraget.

– Kystverket er nøgd med å tildele kontrakten til ein profesjonell aktør med lang erfaring knytt til fjerning av olje frå skipsvrak. Vi er trygg på at Frank Mohn AS utfører operasjonen på ein både sikker og forsvarleg måte. I tillegg vil ein, ved å nytte allereie offentlege finansierte plattformer i den nasjonale slepebåtberedskapen, kunne gjennomføre operasjonen innanfor dei tildelte rammene på 30 millionar kroner i Statsbudsjettet, seier seksjonssjef Hans Petter Mortensholm i Kystverket.

Kontaktperson

Johan Marius Ly, direktør for Kystverkets beredskapsavdeling,
mob. 957 09 335

Bilete av ROLS ROV
(Alle bilete: Frank Mohn AS)

Siste nytt