Publisert: , Oppdatert:

Opning av Stamsund hamn

To statsrådar var i dag med på å markere opninga av den utbetra fiskerihamna i Stamsund i Nordland. Både kommunen og fylket er særs nøgde med det arbeidet Kystverket har gjort i Stamsund.

Ikkje mindre enn to statsrådar var altså til stades då Stamsund hamn i dag vart opna. Forutan kystminister Lisbeth Berg-Hansen hadde også samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa teke turen til Lofoten for å vere med på opninga.

– Dette prosjektet er eit veldig godt eksempel på at vi med god planlegging og gode argument kan få gjennomført store samarbeidsprosjekt, sa kystminister Berg-Hansen under opninga.

Den største fiskerihamna i Vest-Lofoten har fått ei real overhaling. Sidan hausten 2009 har hamneområdet i Stamsund både blitt utdjupa og fått ny innseglingslei skjerma av ein 200 meter lang molo. Utbetringane har ein kostnad på om lag 120 millionar kroner. E. Phil & Søn frå Danmark har vore entreprenør for prosjektet.
 
– Utbetringa av Stamsund hamn har vore eit omfattande og spanande prosjekt for Kystverket. Det er eit viktig stykke arbeid som er gjort. Innseglinga er tryggare, og både fiskeflåten og persontrafikken er no betre skjerma mot vêr og vind. Prosjektet er heilt i tråd med Kystverkets mål om å vere med på å skape livskraftige kystsamfunn. Det er difor hyggjeleg å høyre at ordføraren i Vestvåg seier dette er blitt ei mønsterhamn, og at Kystverket fortener all mogleg honnør for arbeidet, seier kystdirektør Kirsti L. Slotsvik, som sjølv vart hindra frå å vere til stades på opninga grunna flyproblem.

Relaterte dokumenter

Siste nytt