Publisert: , Oppdatert:

NTP: Sjøtransport – effektiv transportform ved store godsmengder

PRESSEMELDING: Kystverket ynskjer å legge til rette for at stadig meir gods blir frakta på sjø i staden for på veg, også for den innanlandske varetransporten. Dette vil og kunne gje lågare klimautslepp og redusert miljøbelastning i høve veksten som er venta.

– Sjøtransport er den sikraste måten å frakte store godsmengder på. Vi vonar dei mange gode initiativa knytt til denne transportforma synleggjer nye fordelar ved å velje sjøtransport, seier kystdirektør Kirsti L. Slotsvik.

Kystverket sine satsingsområde i perioden 2014–2023

Effektiv transport er viktig for økonomisk vekst og regional utvikling. Kystverket vil arbeide for å utvikle effektive godsknutepunkt i samarbeid med hamnene og transportbrukarane. På denne måten kan godstrafikken bli ytterlegare konsentrert og logistikkostnadane redusert.

Med Kystverkets anbefalte tiltaksliste vil innseglinga til utpeikte hamner og  stamnetthamner bli stadig sikrare. Kystverket legg opp til  ei målretta nedtrapping av statlege avgifter for sjøtransport. Kystverket prioriterer utbetring av farleier, vedlikehald og utvikling av navigasjonsinnretningar, meldesystem og trafikksentralar.

Prioriterte farleier

  • Oslo havn  - Gåsøyrenna
  • Borg havn - Vidgrunnen/Røsvikrenna
  • Grenland havn – Kalvenløpet
  • Bergen havn – Meland/Askøy
  • Ålesund havn – indre havn/Flatholmen
  • Bødø havn
  • Hammerfest – Polarbase

Det er behov for å auke seglingsdjupne/-breidde og endre merking også fleire andre stadar langs kysten.

Nye tiltak i og vedlikehald av fiskerihamner vert prioriterte ut frå kriteria som marin verdiskaping, styrking av levande kystsamfunn, regional utvikling og sjøsikkerheit.

Det er tatt høgde for at auka skipstrafikk i nordområda kan utløyse behov for utbetringar av farleier, utdjuping av hamner og ytterlegare tiltak for å overvake trafikken.

Gjennom aktiv internasjonal deltaking i utviklinga av e-navigasjon og ulike meldesystem for skipsovervaking kan Norge fremje bruk av norske ITS- løysingar  (Intelligente transportsystem) og tenester. Kystverket vil framover  ha ein sentral rolle i samarbeid og utvikling innan maritim sikkerheit i Europa og i FNs sjøfartsorganisasjon IMO.

Auke i  drift og vedlikehald for å ta igjen forfall

For å nå dette vektlegg Kystverket:

  • Satsing på ny teknologi og robuste navigasjonsinnretningar
  • Vedlikehaldsfartya er viktige verkty for å kunne sikre kystområda.. Fartya har og ein viktig funksjon i den nasjonale oljevernberedskapen. Fornying av fartyflåten til vedlikehald og oljevern vert foreslått sluttført.
  • Kystverket har ansvar for at dei freda fyrstasjonane blir vedlikehaldne. Dette er verdifulle kulturminne for kystnasjonen Norge – etaten har eit stort vedlikehaldetterslep på dei freda bygningane.

NTP-pressekonferanse på nettet

Pressekonferansen med presentasjon og overlevering av forslaget til Nasjonal transportplan for 2014–23 blir overført på internett onsdag 29. februar, kl. 12.00–13.30: http://icecube.cc/Player.aspx?player=99668d43-4e36-437d-8d06-4638762f45e2&video=be2d24b0-57ff-4d67-a98a-d971ac00947f&station=&width=800

Kontaktperson:

Kystdirektør Kirsti L. Slotsvik kan treffast via kommunikasjonsdirektør Solveig Moe Frøland, telefon 922 080 89

Siste nytt