Publisert: , Oppdatert:

Drivgods fjerna frå Sognefjorden

Laurdag 7. januar avslutta "Oljevern 01" ryddinga av Sognefjorden etter uvêret rundt jul og nyttår.

I løpet av fire dagar hadde kystverkfartyet då fjerna betydelege mengder drivgods, delar av øydelagte naust og tømmer, som skapte problem for båttrafikken i Sognefjorden.

Kort oppsummering av ryddinga:

  • Onsdag 4. januar: Fjernar drivande tømmer sør for Lånefjorden. Går vidare og tek opp drivgods i området ved Vik, Balestrand og Vangsnes.
  • Torsdag 5. januar: Tek opp drivved ved Sogndal og går vidare ut Sogndalsfjorden. Mykje drivved fjerna ytterst i Sogndalsfjorden, ved Fimreite. Arbeider seg idare til Gangersnes lykt og ytre del av Nærøyfjorden. Lossar trevirke i Flåm.
  • Fredag 6. januar: Startar med søk og opptak av drivved i Aurlandsfjorden, lite drivved innerst i fjorden. Tek om bord betydeleg med tung tømmer i området ved Undredal. Går vidare ut Nærøyfjorden på opptak av tømmer. Ved Gangersnes lykt og vestover mot Sogndalsfjorden har det på nytt samla seg mykje drivved som vert teken om bord.
  • Laurdag 7. januar: Går ut Sognefjorden, stoppar ved Oppedal og tek om bord fire store bjørketre der. Held fram til Askvoll, tek om bord ei stor gran der. Lossar trevirke på Vestre Ånnøy.

   

Siste nytt