Publisert: , Oppdatert:

Jubileum for Kystverket

Kystverkets hovudkontor kan feire 10 år i Ålesund. Mykje har skjedd dette 10-året og etaten kan vise til ei særs god utvikling.

I år er det 10 år sidan det som då heitte Kystdirektoratet vart flytta frå hovudstaden til Ålesund. Sjølv om hovudkontoret har sete i Ålesund er etaten spreidd rundt i landet. Regionkontora har spesialansvarsområde i form av kompetansesentra for ulike fagområde, og Kystverket Rederi som og er lokalisert i Ålesund vart tidlegare skilt ut som eiga eining.

Beredskapsavdelinga for akutt forureining vart ein del av Kystverket i 2003. Avdelinga har sitt hovudsete i Horten, med utestasjonar i Bergen og Tromsø.

I 2007 gjekk ein vekk frå nemninga Kystdirektoratet. I staden heiter det no Kystverkets hovudkontor. Samstundes skifta distrikta namn til regionar.


Historikk og nyvinning
Kystverket er ein særs allsidig etat som kan vise til ei lang historie, og har ein rik kystkultur gjennom til dømes alle fyra som etaten forvaltar - eigendomar som er verdifulle nasjonalskattar for kystlandet Norge.

Spennet mellom historie og nyvinning er vel det som karakteriserer etaten best. Kystverket er mellom anna verdsleiande i høve utviklinga av AIS-satellitten. Kystdirektør Kirsti Slotsvik

- I tillegg kan vi vise til eit stadig meir utbredt internasjonalt virke. Vi deltar i mange internasjonale fora gjennom våre oppgåver og ansvar som nasjonal mynde innan våre fagfelt, seier kystdirektør Kirsti L. Slotsvik, som nøgd hevdar at dette er ein etat i vekst.

I følgje Slotsvik synest ho det er særs inspirerande å leie ein etat som i tillegg til direktoratrolla også er særs operativ. Lostenestene  er særs sentrale, og i tillegg til Kystverkets eigne båtar til bruk av ulike tenester,  disponerer etaten og overvakingsfly som er av det mest avanserte slaget. Kystverket organiserer også sjøtrafikksentralane som driv trafikkontroll og trafikkovervaking av skipstrafikken langs Norskekysten. Andre sentrale oppgåver som ikkje før er nemnt er utvikling og vedlikehald av farleier og fiskerihamner, fyr- og merketenester og hamnesikkerheit (ISPS).

Utvikling er sentralt og etaten satsar også systematisk på forsking- og utviklingsarbeid (FoU). Eit aktuelt og spennande arbeid framover er arbeidet med Nasjonal transportplan (NTP). Gjennom NTP samarbeidar Kystverket godt saman med andre transportetatar.

- Det er flott å få vere ein del av eit lag som består av så mange ulike yrkesgrupper, seier Kystdirektøren. I jubileumsåret vil Kystverket ha spesielt fokus på kvalitetsarbeid gjennom Kvalitetsløftet 2012.

Siste nytt