Publisert: , Oppdatert:

KS1-rapport om handteringa av U-864 overlevert

25. januar ble ei ekstern kvalitetssikring (KS1) av Kystverket si utgreiing om handteringa av den tyske ubåten U-864 presentert for fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Det er Metier AS og Møreforsking Molde AS som har gjennomført KS1, på oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet og Finansdepartementet gjennomført ei KS1 av Kystverket si utgreiing om dei ulike alternativa for den vidare handteringa av U-864.

Følgjande alternativ er utgreidde; nullalternativet, tildekking, heving, kombinasjon av heving og tildekking og kombinasjon av heving og mudring. Denne utgreiinga har no vore gjennom ei obligatorisk ekstern kvalitetssikring.

- Eg vil no setje meg grundig inn i denne rapporten. Regjeringa vil så på eigna måte orientere Stortinget om den vidare prosessen, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i ei pressemelding frå Fiskeri- og kystdepartementet.

 

Fakta

Karutsnitt - lokasjon for U-864

  • Bilder av U-864 på Flickr
  • U-864: Tysk ubåt senket av den britiske ubåten HMS "Venturer", 9. februar 1945. Alle om bord omkom.
  • U-864 var på vei fra Tyskland via Norge til Japan med personell med teknisk spesialkompetanse og krigsmateriell, blant annet var det omkring 65 tonn metallisk (flytende) kvikksølv om bord, lagret på stålflasker.
  • Vraket av U-864 ble funnet av Sjøforsvaret i mars 2003. Vraket ligger på ca. 150 meters dyp, ca. 2 nm vest for Fedje i Hordaland.
  • Vraket er delt i to, og for- og akterpartiet synes å være relativt intakte. Vraket ligger ustabilt til på havbunnen.

 

Relaterte dokumenter

Siste nytt