Publisert: , Oppdatert:

Millionskader etter ”Berit” og ”Dagmar”

Mange av eigedomane til Kystverket har fått store skader etter dei to siste stormane – Berit og Dagmar. Samla sett har Kystverkets moloar, hamneanlegg, kaier, fyr og merker skader for fleire titalls millionar kroner.

Det vil koste etaten store summar og mykje arbeid å bøte på øydeleggingane langs norskekysten. I Midt-Norge, der stormane har herja som verst, har mange av fyra og infrastrukturen rundt desse har fått store øydeleggingar. I moloar og hamneanlegg har masser flytta seg, slik at funksjonen til anlegga kan ha blitt svekka.

Fleire av Kystverket sine kulturminner har blitt skadd. Det er meldt om knuste vindauge og skader og lekkasjar på fyrbygningar. Det er også dømer på at verneverdige vardar har havarert.

– Dette er kulturskattar for kystnasjonen Norge, og ikkje berre Kystverket men også mange frivillige eldsjeler har lagt ned mykje arbeid på desse bygningane og områda rundt. Det er øydeleggingar på mange av dei verna fyra i Midt-Norge, og det har alltid vore ei utfordring å bevare desse kulturskattane som er ein del av landets historie, seier kommunikasjonsdirektør Solveig Moe Frøland i Kystverket.

Kystverket har starta arbeidet med å registrere skadane langs kysten, mellom anna for å få kartlagt kvar det må gjerast hastereparasjonar eller provisoriske tiltak for å avverje ytterlegare skader.

– Vi vil prøve så langt det er mogleg både økonomisk og praktisk å bøte på øydeleggingane. Vi vil og støtte leigetakarane av fyra/fyrforvaltarane slik dei framover vil ha motivasjon for den innsatsen som no krevjast, seier Moe Frøland.

Avhengig av omfanget på skadene vil det kunne bli aktuelt å be om tilleggsløyvingar i samband med revidert nasjonalbudsjett seinare i vår.

Siste nytt