Publisert: , Oppdatert:

Sjømerker på 430 tonn!

I samband med farleisutbetringa på Lepsøyrevet på Mørekysten skal det utplasserast 8 sjømerker som kvart veg 430 tonn.

Prosjektleiar Thommy Dahl Olsen hos Kystverkets senter for utbygging fortel at det er første gongen det ver bygd slike merker i Noreg.

– Merka har ei 1,25 meter høg botnplate i betong på 10 ganger 10 meter (altså 100 kvm), der det blir plassert eit 17 meter høgt tårn på, med ein HIB montert på toppen. Merka vert no i produsert i Søvik på Sunnmøre. Kvart merke veg 430 tonn og skal transporterast ut til Lepsøyrevet med ein kranbåt, "Uglen", som har over 600 tonn løftekapasitet, fortel han.

Etter planen skal merka plasserast ut på Lepsøyrevet i veke 33, altså i midten av august.

– Vi har utdjupa ei renne over revet, og den skal ha merker i ytterkantane. Då er det viktig at vi får ei jamn botnflate der merka skal plasserast, slik at merka blir ståande heilt vertikale, fortel Dahl Olsen, og legg til at entreprenørane har møtt ulike utfordringar i samband med prosjektet.

– Ja, både i form av harde massar og i form av funn av miner frå krigen, fortel han.

20. september vert opninga av den utbetra farleia offisielt markert.

 Video frå ei befaring av bygginga av merka:

Siste nytt