Publisert: , Oppdatert:

Folkemøte om utdjuping i Vatlestraumen

Før oppstart av arbeidet med utdjuping i Vatlestraumen i Hordaland, inviterer Kystverket innbyggjarar, hytteeigarar og andre interesserte til folkemøte der det vert gjeve informasjon om prosjektet.

Møtet vert halde på Bjorøy skule i Fjell kommune måndag 14. mai kl. 19.00.

Kystverket gjev informasjon om bakgrunnen for tiltaket, kva som skal gjennomførast og varslingsrutinar i anleggsperioden.

Fjell kommune gjev informasjon om beredskapsplan for langvarig stenging av Bjorøytunnelen. Kommunen vert representert ved ordførar og administrasjon. Også andre aktørar knytt til prosjektet er inviterte til møtet.

Meir informasjon om prosjektet finn du på desse sidene:

 www.kystverket.no/Vatlestraumen og www.fjell.kommune.no

Siste nytt