Publisert: , Oppdatert:

Vidare arbeid med miljøtiltak ved vraket av U-864

Regjeringa vil gå vidare med prosjektering og kvalitetssikring av to alternativ for miljøtiltak ved ubåtvraket U-864; eit for heving av last og eit for tildekking av vraket.

- Vi må gjere det som er sikrast for miljøet og for folk på både kort og lang sikt. Difor vil regjeringa gå vidare med prosjektering og kvalitetssikring av to alternativ. Slik sikrar vi oss eit fagleg godt utgreidd grunnlag for å ta ei endeleg avgjerd, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Kystverket har vurdert seks alternative miljøtiltak, som så har blitt kvalitetssikra. No vil regjeringa gå vidare med forprosjektering av to av dei, som er neste skritt i prosessen.

- Dette er og har vore ei komplisert sak utan eit enkelt svar. Vi har fått klare faglege tilrådingar om å dekkje til vraket, samtidig som mange på Vestlandet har sagt at dei er utrygge for sikkerheita på lang sikt. Difor greier vi ut to alternativ, slik at vi kan ta den beste og sikraste avgjerda til slutt, seier Berg-Hansen.

Det vil no bli gjennomført ei forprosjektering av dei to alternativa, som deretter vil bli sende til ei kvalitetssikring, før regjeringa konkluderer om kva alternativ som bør veljast. Regjeringa har tidlegare fått utgreitt eitt hevingsalternativ, men det blei frårådd av eksterne kvalitetssikrarar på grunn av miljørisikoen.

- Vi vil vere sikre på at løysinga vi vel, er den beste. No ber vi ekspertane sjå nøye på desse to alternativa og på kva måte dei kan gjennomførast trygt. Dette er to vegar mot same mål; at forureininga blir handtert på den absolutt sikraste måten, seier Berg-Hansen.

Siste nytt