Publisert: , Oppdatert:

Dialogmøte om farleistandardar

I samband med Kystverket sitt arbeid med å utgreie nye standardar for farleiene, vert brukarar og interessentar invitert til dialogmøte i Ålesund 30. november.

Kystverket arbeider med å utgreie nye standardar for farleiene, som saman med det gjeldande regelverket skal nyttast i både sakshandsaming og planlegging og utbygging av farleiene for framtida.

– Kor djupe, breie eller høge skal farleiene vere? Kva skal standarden vere for hovudleia, og kva skal den vere for bileiene? Kystverket har ansvar for å sørgje for sikkerheit og framkome på sjøen. Samstundes er det viktig å finne løysingar som også ivaretek andre myndigheiter, brukarar og interesser som nyttar dei same areala. Difor inviterar vi no til eit dialogmøte for å få innspel frå dei til dette arbeidet, fortel seniorrådgivar Rannveig Bøthun, som er ansvarleg for prosjektet i Kystverket.

Arbeidet med dei nye standardane skal ikkje berre medverke til styrka sikkerheit og betre framkome for skipstrafikken i norske farvatn, men skal også medverke til å løyse arealkonflikter som kan oppstå mellom sjøtransporten og andre brukarar av farleiene.

– Då er det viktig at dei andre brukarane og interessentane blir involvert på eit tidlig stadium av prosessen. Vi vonar dei sjølve også ser nytten og viktigheita av å bidra i dette arbeidet, seier Bøthun.

Invitasjon og ytterlegare informasjon finn du til høgre på sida.

Påmeldingsfrist er 10. november.

Relaterte dokumenter

Siste nytt