Publisert: , Oppdatert:

Todalen-raset: Kystverket transporterer aggregat og ryddar sjøen

To Kystverk-fartøy skal rydde opp i sjøen etter det store raset som øydela vegen og straumtilførselen til Todalen på Nordmøre, men først skal dei frakte aggregat til den rasramma bygda.

Kystverket sin slepebåtberedskap i vest, "Boa Heimdal", vart opphavleg sendt til Todalen for å hjelpe til med oppryddinga i sjøen etter det store raset, for store mengder tømmerstokkar og anna rusk ligg no som ein risiko for sjøtransport til og frå bygda. Før denne oppryddinga for alvor kan kome i gong, må store straumaggregat fraktast til Todalen, for ingen veit når bygda får straum gjennom det ordinære nettet igjen. Slepebåten blir derfor først nytta til denne aggregattransporten.

– Samstundes som ein fraktar inn aggregata, vil vi skaffe oss ein oversikt over omfanget av oppryddingsarbeidet. Rusket som ligg og flyt i Todalsfjorden utgjer ein risiko for båttrafikken, så det er viktig for oss å få det opp medan det ligg mest mogleg samla inne i fjorden. Vi ønskjer ikkje at det skal spreie seg, fortel regiondirektør Harald Tronstad i Kystverket Midt-Norge.

Derfor har Kystverket også sendt oljevernbåten "Oljevern 01" for å rydde opp i fjorden.

– Den er venta å vere framme i området i kveld. Då byrjar "Oljevern 01" å rydde lengst ute i fjorden, medan "Boa Heimdal" plukkar opp frå andre sida. Sidan den einaste vegen til bygda forsvann i raset vil det nok bli stor trafikk på fjorden. Då bør vi få vekk mest mogleg av det som kan gjere skade på båtane, seier han.

– Kystverket tek ansvar for sjøvegen. Vi tek samfunnsoppgåvene våre på alvor og arbeider for ein sikker, effektiv og rein kyst, legg Kystverkets kommunikasjonsdirektør Solveig Moe Frøland til.

Siste nytt