Publisert: , Oppdatert:

Raset i Todalen: "Oljevern 01" held fram med oppryddinga

"Boa Heimdal" går i dag ut av oppryddingsarbeidet i Todalsfjorden. "Oljevern 01" held fram arbeidet med å gjere fjorden farbar.

– "Oljevern 01" er og blir i full aktivitet. Det er store mengder tømmer i fjorden. I tillegg til å samle opp tømmer frå sjøen, vil "Oljevern 01" også bistå med å frakte naudsynte forsyningar. Det vil seie mat/fór inn og kanskje produkt ut frå bygda, fortel regiondirektør Harald Tronstad.

Han legg til at RO-RO-rampen som Kystverket har i beredskap ligg i Kristiansund. Førebels har ikkje Kystverket fått signal om at Fylkesmannen ønskjer å nytte denne i arbeidet med å hjelpe den rasramma bygda.


Bilete frå "Boa Heimdal" i Todalsfjorden.

Siste nytt