Publisert: , Oppdatert:

"Full City"-rapport frå Havarikommisjonen

Statens Havarikommisjon for Transport kom i dag med sin rapport om grunnstøytinga til lasteskipet MV "Full City" ved Såstein 31. juli 2009.

Rapporten frå Havarikommisjonen finn ein her.

Sjøsikkerheitsdirektør Arve Dimmen i Kystverket konstaterer at Havarikommisjonen ikkje fremjer sikkerheitstilråding til Kystverket etter denne undersøkinga, men rapporten peikar på nokre moglege bakanforliggande årsaker.

– Sidan den gong har vi gjennomført tiltak for å tydeleggjere rolla til ein sjøtrafikksentral, mellom anna er ein i dag tydelegare på om ein gir informasjon, råd, åtvaring eller instruksjon til eit fartøy. Reint konkret har vi frå 1. januar 2012 også utvida virkeområdet til Brevik trafikksentral til å omfatte Såstein, med  klare instruksar for bruk av denne ankringsplassen. Alle sjøtrafikksentralane har og fått delegert mynde etter hamne- og farvasslova § 38 til å kunne gripe inn i høve fartøy i fare. Dette gjeld også for fartøy som er utanfor virkeområdet til sjøtrafikksentralen, seier Dimmen.

– Vi vil no gå grundig gjennom rapporten for å sjå om det er grunnlag for å iverksette ytterlegare tiltak. Sikkerheitsarbeid handlar om kontinuerlig forbetring, avsluttar sjøsikkerheitsdirektøren.

Siste nytt