Publisert: , Oppdatert:

Torpedofunn i Finnmark

I samband med kartlegging av havbotnen ved ein ankerplass utanfor Ropelv i Sør-Varanger kommune i Finnmark, fann Kystverket ein torpedo frå andre verdskrig.

Det var ein ROV (fjernstyrt ubåt) frå ”NSO Crusader” som under kartlegginga av botnen rundt ankerplassen fann både ein torpedoliknande gjenstand og vraket av det tyske ammunisjonsskipet "Wolsum", som vart senka av russiske fly i august 1944. Skipsvraket var ikkje teikna inn på sjøkarta, men dykkarmiljøet har kjent til det. Vraket og torpedoen ligg på rundt 70 meters djupne.

Då funna blei gjort vart ROV-søket avslutta og Forsvaret og Politiet varsla. Dei meiner at torpedoen ikkje utgjer noko risiko for omgjevnadane.

Siste nytt