Publisert: , Oppdatert:

Rocknes – 10 år etter : Kva har Kystverket gjort i etterkant?

Intervju med sjøsikkerhetsdirektør Arve Dimmen.

- Rocknes-ulykka er ei av dei mest alvorlege sjøulykkene i Norge i nyare tid, med tap av 18 menneskeliv og oljeforureining på sjøen og i strandsona, slår sjøsikkerheitsdirektør i Kystverket, Arve Dimmen fast.
-  Skipet kantra på veldig kort tid, noko som bidrog til det høge tale på omkomne. 

- Ein av Kystverket sine viktigaste oppgåver er med ulike verkemiddel å gjøre sjøvegen så trygg at slike ulukker ikkje skjer. Ei så dramatisk ulukke sette derfor sitt preg på medarbeidarane våre. Våre folk var involvert både under og etter ulukka, og ei viktig oppgåve vart derfor å ivareta eige personell, fortel han.

- Dernest førte det til at Kystverket sette i gang ein grundig intern gjennomgang med fokus på kva som kunne gjerast for å redusere sannsynligheita for liknande ulukker i framtida. Dette arbeidet har vore grunnlaget for fleire tiltak som har blitt gjennomført dei siste åra, fortel sjøsikkerheitsdirektøren.

 

Har Rocknes-ulukka ført til endringar for skipstrafikken i Vatlestraumen?

- Skipsfarten har fått ei tryggare lei som resultat av fleire tiltak vi har satt i verk i og ved Vatlestraumen. Vi har sprengt vekk undervannsflaket der Rocknes grunnstøtte. Vatlestraumen har no ei seglingsdjupne på minimum 14 meter, og den har vorte 90 meter breiare. I tillegg er ytterkantane på farleia merka med nye lanterner. Vi har også forbetra oppmerkinga i Kobbeleia, noko som bidreg til å redusere trafikken i Vatlestraumen.

- Vatlestraumen er ein del av hovedinnseglinga til Bergen frå sør. Det er eit område med mykje skipstrafikk. Som ledd i betringa av tryggleiken, har Kystverket utarbeida ei ny forskrift som regulerer sjøtrafikken i heile området. Det inneber til dømes at Kystverket sin sjøtrafikksentral på Fedje har fått utvida virkeområdet sitt til å omfatte Vatlestraumen, og fartøy skal no på førehand avtale korleis dei skal passere kvarandre. Fartøy må få løyve frå sjøtrafikksentralen før dei seglar inn i området, og vårt personell på sjøtrafikksentralen overvakar no trafikken. På denne måten har vi meir kontroll på trafikken, og kan bidra til at farlege situasjonar ikkje oppstår, forklarar han.

 

Har lostenesta iverksett endringar som eit resultat av Rocknes-ulukka?

- Kystverket sine losar er ekspertar i sine områder og har til ei kvar tid oppdatert farvatnskunnskap. Oppdaterte sjøkart er ein viktig del av dette. Rocknes-ulukka gjorde at arbeidet vårt med ei ny og betre kartløysing for losane vart forsert.  Alle loser er i dag utstyrt med ein PC der det er installert elektroniske sjøkart som til ei kvar tid er oppdatert. Det er laga eigne instruksar for bruk av slik los-PC, og det er etablert eit system for å kontrollere at korrekt oppdatering finn stad. 

Mer om Rocknes-ulykka.

Siste nytt