Publisert: , Oppdatert:

Vinnarar i sommarkonkurransar

I samband med Sommerfesten på Giske, utanfor Ålesund, hadde Kystverket to konkurransar: ein quiz og ein Instagram-konkurranse. Vinnarane blei høvesvis Annika Synnes Lindberg frå Fjellhamar og Elisabeth Solvang frå Ålesund.

Kystverket var til stades på festivalen med ein stand der bodskapen var knytt til å utvise fornuft når ein ferdast på sjøen, motivere til bruk av flytevest og ikkje minst å avpasse farta når ein ferdast i fritidsbåt.

I quizen, som omhandla bruk av flytevest og Kystverket generelt, stakk Annika Synnes Lindberg frå Fjellhamar av med premien. Ho er dermed vinnar av ein flytevest for vaksen og ein flytevest for born.

Elisabeth Solvang blei vinnar av Instagram-konkurransa, der deltakarane på Sommerfesten blei invitert til å dokumentere ein umistelig festivalaugneblink, og poste det på Instagram med hashtaggene #umistelig og #kystverket. Solvang er med det vinnar av eit segleantrekk frå Regatta.  

Mange gode bidrag var med i Instagram-konkurransen, og dei kan du sjå ved å klikke på lenka ute til høgre

Siste nytt